LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i reknebasert kjemi og elektrokjemi

Søknadsfrist: 14.05.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i reknebasert kjemi og elektrokjemi

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i reknebasert kjemi og elektrokjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremjande arbeid (til dømes undervisning). Hen som blir tilsett, vil arbeide i forskingsgruppa Grøne energiberarar, kjemikaliar og material, med visjon å vere å drivkraft i utviklinga av grøne, berekraftige og låg-karbon-løysingar innan fornybar energi og kjemisk produksjon.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Den aktuelle stillinga er del av eit strategisk initiativ ved instituttet vårt for å utforske og utvikle elektrokjemiske prosessar som er direkte relevante for fornybare energisystem. PhD-prosjektet er dels integrert i og delvis utfyller pågåande og planlagd eksperimentell forsking som omfattar utvikling av nye elektrokatalysatorar, resirkulering av kjemiske reduksjonsmiddel, kjemisk karakterisering ved hjelp av synkrotronbasert røntgen-elektronspektroskopi og elektrokjemisk karakterisering. PhD-kandidaten vil tilpasse og bruke kvantekjemiske metodar så vel som grovare, klassiske modellar i forskinga si. Den reknebaserte forskinga er tett integrert med eksperimentelle delprosjekt og dersom kvalifikasjonane er til stades, vil det bli lagt til rette å følgje opp eigne prediksjonar også eksperimentelt. Det eksakte temaet for PhD-prosjektet vil bli avtalt i dialog med hen som blir tilsett.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan kjemi, fysikk, nanoteknologi eller materialvitskap. Masterstudentar kan likevel søkje på stillinga dersom dei fullfører avsluttande mastereksamen før 1. juli i år. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Sterk bakgrunn i minst éit av følgjande fagområde er eit krav: reknekjemi, kvantekjemi, reknevitskap, fysikalsk kjemi eller kjemisk fysikk.
  • Formell utdanning i form av eit emne på minst 7 ECTS innan kvantekjemi eller -fysikk er eit krav.
  • Praktisk røynsle innan programmering eller "scripting" er ein føremon.
  • Røynsle eller annan kompetanse innan elektrokjemi er ein føremon.
  • Røynsle med tungrekning ("high-performance computing") er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne skrive og snakke engelsk flytande.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar for og potensial innan forsking vil også telje ved vurdering av kandidatane.Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga

For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremjande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % a tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter at du tek til i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen med forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskapar ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Anna Folgerø (anna.folgero@uib.no).

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS