LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i psykologi om berekraftig sjømatproduksjon og forbruk

Søknadsfrist: 18.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som stipendiat. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, med oppstart i første kvartal av 2022. Stillinga er knytt til det NFR-finansierte prosjektet «How can fisheries contribute more to a sustainable future?»

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Prosjektet er tverrfagleg; dei andre fagområda som er involvert i tillegg til psykologi inkluderer biologisk oseanografi og marin økologi, pluss eksterne partnarar frå industrien, frivillige organisasjonar og offentlege etatar. Prosjektet undersøker fiskeriet og samfunnet si rolle i utforminga av framtidig berekraftig sjømatproduksjon.
  • Ph.d.-stillinga er ein del av ei arbeidspakke som fokuserer på borgarane og forbrukarane si rolle. Ph.d.-prosjektet tar sikte på å kartlegge folks verdiar knytt til natur og matproduksjon på tvers av sjø og land, samt å studere folks oppfatningar, preferansar, vurderingar og avgjerder i samanheng med berekraftige matval. Dei planlagde metodane inkluderer spørjeundersøkingar og laboratorieeksperiment.
  • Doktorgradens oppgåver inneber ei aktiv involvering i, og uavhengige bidrag til alle fasar av forskingsprosjektet, som litteraturgjennomgang, studiedesign, datainnsamling, dataanalyse, vitskapelege publikasjonar og konferansebidrag.
  • Den utnemnde kandidaten vil vere knytt til forskingsgruppa DICE (Bergen laboratorium for studier av beslutning, intuisjon, bevissthet og følelser) ved Institutt for samfunnspsykologi. Hovudrettleiar er professor Gisela Böhm.

Prosjektet finansierer fire rekrutteringsstillingar: to ph.d.-stillingar (denne stillinga inkludert) og to postdoktorstillingar, som byrjar samstundes og skal jobbe tett saman som eit lag der kvar og ein har særskilte oppgåver og ansvar. Utlysinga til dei tre andre stillingane finn ein på desse lenkene:

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må på søknadstidspunktet ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i psykologi eller en relatert relevant disiplin, eller fullføre graden i løpet av haustsemesteret 2021. Ettersendingsfrist for vitnemål for grad oppnådd hausten 2021 er 3. januar 2022.
  • Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva ved opptak til forskarutdanninga
  • Tidlegare forskingserfaring som er relevant for prosjektet er ynskjeleg, spesielt:
    • bakgrunn i miljø-, kognitiv og / eller sosialpsykologi
    • erfaring med forskjellige forskingsdesign
    • god metodisk kunnskap i kvantitative tilnærmingar (f.eks. surveymetodikk, eksperimentell design)
  • Det er forventa at søkjar kan arbeide sjølvstendig og strukturert og har gode samarbeidsevner
  • Gode engelskkunnskapar i skriftleg og munnleg engelsk er naudsynt

For stillinga gjeld følgande:

Om stipendiatstillinga: Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling i 3 år. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Søkjarar kan ikkje ha ein doktorgrad/ph.d. frå før.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også verte vurdert iht. krava for opptak til ph.d.-prgrammet ved Det psykologiske fakultet.

Nærare om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet her.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med spesialistutdanning kan høgare lønn bli vurdert.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning). Ettersendingsfrist for vitnemål oppnådd hausten 2021 er 3. januar 2022 og kan sendast til: kari.skodje@uib.no og post@psyfa.uib.no
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjarar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle godkjenning av høgare utdanning. Me gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå dei nordiske landa kan bli automatisk godkjent, sjå NOKUT.
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS