LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i observasjonar av luft–hav-utvekslingsprosessar i polarområde

Søknadsfrist: 19.06.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt. 

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Stipendiat

Ved Geofysisk institutt (GFI) er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i observasjonar av luft–hav-utvekslingsprosessar i polarområde. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). 

Stillinga er tett knytt til pågåande og framtidige aktivitetar i forskingsgruppene for meteorologi og fornybar energi ved GFI, samt Bjerknessenteret for klimaforsking (BCCR), inkludert ei sterk kopling til GFI sine aktivitetar. Stillinga har fokus på den vitskaplege bruken av det internt utvikla målesystemet SAMURAI (Sonic Anemometer on a MUlti-Rotor drone for Atmospheric turbulence Investigations). 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Polarområda reagerer langt raskare på global oppvarming enn andre delar av verda. For å forstå denne utviklinga er det avgjerande å kartleggje energiutvekslinga mellom atmosfæren og havet, særleg under ulike sjøisforhold. Direkte målingar av turbulente fluksar i slike område er utfordrande og difor sjeldne. Det nyutvikla SAMURAI-systemet ved GFI/UiB gjer det no mogleg å gjennomføre fleksible og detaljerte in-situ-målingar av atmosfærisk turbulens.

Ph.d.-prosjektet skal bruke SAMURAI til å undersøkje luft–hav-utveksling av varme, momentum, vassdamp og CO₂ i polarområde. Målingar frå forskingstokt vil gi ny kunnskap om turbulente varmefluksar frå ope hav til område med sjøis, med særleg fokus på energiutveksling over leads og polynyas. Dataa vil òg vere viktige for validering av modellar og for havforsking knytt til sjøis- og djupvassdanning innan Polhavet 2050.

Prosjektet omfattar analyse av eksisterande data frå ROVER-kampanjen i Grønlandshavet i 2025, samt utvikling og gjennomføring av ein ny skipsbasert målekampanje i Arktis for å samle unike observasjonar av turbulent energiutveksling over sjøis.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha mastergrad eller tilsvarande innan geofysikk (meteorologi eller oseanografi), matematikk, fysikk, informatikk, ingeniørfag eller liknande, eller ha levert masteroppgåva til vurdering før søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. 
  • Forståing av prosessar i det atmosfæriske grenselaget, særleg strøymingsdynamikk og atmosfærisk turbulens, er eit krav.
  • Erfaring med utvikling og drift av UAS (ubemanna luftfartøysystem) er eit krav.
  • Erfaring med å handtere og analysere store datasett, samt tilhøyrande programmeringskompetanse, er eit krav.
  • Erfaring med relevante atmosfæriske måleteknikkar er ein fordel.
  • Praktisk erfaring med planlegging og gjennomføring av målekampanjar er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og kunne vise til gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode ferdigheiter i både skriftleg og munnleg engelsk.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Om stillinga som ph.d.-stipendiatStipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanningaSom ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. 
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Prof. Joachim Reuder, Geofysisk institutt, UiB, Joachim.reuder@uib.no, +47 47381397, eller Stephan Kral, Geofysisk institutt, UiB, Stephan.kral@uib.no. For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Asbjørn Rønningstad Sæther at asbjorn.sather@uib.no. Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS