LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i naturgeografi

Søknadsfrist: 29.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat i naturgeografi ved Institutt for geografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, kor 25 % av samla tilsetjingstid er arbeidsplikt i form av undervisning, rettleiing og administrative oppgåver som skal utførast ved instituttet.

Stillinga er knytt opp til instituttet si satsing innan naturgeografi. Vi etterspør ein kandidat med fagleg interesse for- og metodisk bakgrunn knytt opp mot- anten brear og klima, havnivåendringar, naturfarar, grotter eller grunnvatn/hydrologi. Med denne stillinga ønskjer instituttet å styrka forsking og undervisning knytt opp mot desse tema i ein norsk kontekst, i tillegg til å styrke undervisninga knytt til geografiske informasjonssystem (GIS) og kartografi.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett vil knytast til den eksisterande forskingsgruppa i naturgeografi ved instituttet, som arbeider med klima-, landskaps- og miljøendringar frå siste istid og frem til i dag. Arbeidsplikta vil mellom anna være undervisning innan GIS og kartografi, avsetningar og landformar knytt til fluviale, glasiale og marine prosessar, samt klima og meteorologi. Kunnskap om og praktisk bruk av GIS, kartografi og gjerne fjernanalyse i eige masterprosjekt og publikasjonar er ein føremon. Den som vert tilsett kan ta del i både ordinær undervisning, feltkurs, forsking og formidling.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad i naturgeografi eller tilsvarande utdanning. Graden må vera avlagt innan fristen for søknaden.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.
  • Kunne arbeide sjølvstendig, ha stor arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • Nytte norsk skriftleg og munnleg
  • Nytte engelsk skriftleg og munnleg
  • Ha erfaring med undervisning

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 54 (st. kode 1017/lr. 20) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 491.200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Prosjektskildring
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Om prosjektskildring:

Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga. Dersom prosjektet krev feltarbeid, laboratorieanalysar, datering osv., må omtrentlege kostnadar bereknast og presenterast i eit tentativt budsjett.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist: 29. oktober 2021.

Søknaden må merkast: 21/13370

Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Spørsmål kring forskingsgruppa i naturgeografi eller prosjektskildringa kan rettast til førsteamanuensis: Kristian Vasskog

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent HR: Pernille Andersen Hole

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til rådgjevar Hanne.Gravermoen@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stilllingen

Powered by Labrador CMS