LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i moderne miljøhistorie

Søknadsfrist: 05.08.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i moderne miljøhistorie

Velkomen som søkjar til ei stipendiatstilling i moderne miljøhistorie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Planlagd oppstart er 15. september 2024, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. 

Stillinga er knytt til instituttets tverrfaglege forskargruppe for miljøhumaniora, som er eit tverrfagleg samarbeid mellom forskarar innan fagområda historie, arkeologi, kulturvitskap, lingvistikk, litteratur, medievitskap, statsvitskap, sosialantropologi, vitskaps- og teknologistudiar, med meir. Forskargruppas formål er å samle forskarar for å utvikle tverrfaglege forskingsprosjekt, utvide medlemmenes faglege nettverk og samarbeid på tvers av humaniora, samt å støtte forsking og andre bidrag omkring miljøtema frå humanistiske fag.

Kandidaten som vert tilsett vil bli tilbydd ei aktiv rolle som deltakar i gruppas forskingsfokus gjennom deltaking i seminar og forskingsformidling. Søkjar bør gjer seg kjend med føremålet til forskargruppa og kontakta gruppeleiaren når dei utviklar sine prosjekt. Kandidaten vil arbeide tett med gruppemedlemmer frå fleire ulike fagfelt og bør vere i stand til å tenke breitt og tverrfagleg om miljøhistorie. 

Forskingsprosjektet i moderne miljøhistorie (definert som tidsperiode frå år 1700 og framover) er tematisk og geografisk ope, men prosjekt som inkluderer ein transnasjonal eller global dimensjon er særleg velkomne. Det same gjeld prosjekt som utforskar tema knytt til vatn, jordbruk, bevaring, og/eller vitskap, teknologi og alternative former for kunnskap. Det foreslegne prosjektet kan ha tverrfaglege element, men det må være historisk orientert og hovudsakeleg nytte historiske metodar.

Prosjektet til kandidaten som vert tilsett vil bidra til forskingsgruppa sitt arbeid i miljøhumaniora, definert som arbeid som bind saman naturvitskap og humaniora, og akademia og samfunn, gjennom å ta i bruk humanistiske metodar og tenkjemåtar om tema knytt til miljø.

Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga: 

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 25 prosent av tida nyttast til anna, karrierefremjande arbeid knytt til undervising, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing. 

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Ph.d.-programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som til saman utgjer eitt semester. Sett under eitt, inneber det at 2,5 av fire år er sett av til arbeid med sjølve doktorgradsprosjektet. 

 Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Søkjar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan historie eller tilsvarande fag. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som berre dokumenterer annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og Det humanistiske fakultet sine retningsliner.
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert, og ha gode samarbeidsevner. 
  • Søkjar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg. 

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, samt ein framdriftsplan for prosjektet. Merk at denne framdriftsplanen føreset at arbeidet med sjølve avhandlinga skal kunne gjennomførast innanfor ei tidsramme på 2,5 år.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil også bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. 
  • Løn tilsvarande lønssteg 55 (kode 1017) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei bruttoårsløn på kr 540 500. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse. 
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd). 
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. 

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektskisse (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og ein tidsplan for gjennomføring. 
  • Litteraturliste for prosjektskissa.
  • Framdriftsplan for prosjektet.
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV. 
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer oppgåva sitt omfang i ECTS.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider). 
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste). 
  • Eventuelle publikasjonar (inntil tre).
  • Relevante attestar. 
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her. 

Andre opplysningar:

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søke. 

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling. 

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Forskargruppeleiar førsteamanuensis Sarah Hamilton, e-post: sarah.hamilton@uib.no, telefon: +47 55 58 88 58 / +47 93 89 07 39, eller 
  • Instituttleiar professor Teemu Ryymin, e-post: Teemu.Ryymin@uib.no, telefon: +47 55 58 38 79

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS