Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Stipendiat
Det er ledig ei stilling som stipendiat i snøprosessar i fjellet ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking ved Universitetet i Bergen. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning).
Stillinga er knytt til Senter for fjell i endring (Centre for Mountains in Transition; CMT), eit nytt tverrfagleg forskingssenter ved Universitetet i Bergen finansiert av Trond Mohn Foundation (TMF) og Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
CMT har som mål å forstå og møte konsekvensane av klima- og miljøendringar i fjellområde. Med hovudfokus på dei skandinaviske fjella, samlar CMT klimaforsking, økologi, hydrologi, geovitskap og samfunnsvitskap for å utforske korleis fjellsystem endrar seg – og korleis vi kan byggje motstandskraft for framtida. Fjell er sårbare for globale endringar. Auka temperaturar, smeltande isbrear, endringar i nedbør og snømønster, endra biologisk mangfald og aukande menneskeleg påverknad er i ferd med å forvandle desse landskapa. CMT har som mål å utvikle banebrytande kunnskap og praktiske løysingar for å verne fjelløkosystem og lokalsamfunn som er avhengige av dei. Gjennom fire samankopla forskingstema – Trendar, Sesongvariasjon, Ekstremhendingar og Motstandskraft – undersøkjer CMT langsiktige miljøendringar, sesongdynamikk, ekstreme hendingar og strategiar for berekraftig forvaltning av fjellområde. Senteret samarbeider tett med interessentar, inkludert nasjonalparkar, lokalsamfunn og næringslivspartnarar, for å sikre at forskinga er relevant, handlingsretta og har verknad. Universitetet i Bergen er vertsinstitusjon for CMT i samarbeid med NORCE, NMBU og andre nasjonale og internasjonale partnarar.
Ph.d.-prosjektet er retta mot å kvantifisere rolla snøfokk spelar for akkumulering og sublimering i fjellet ved bruk av numeriske modellar. Simulering av snøfokk i lokale og regionale klimamodellar er dårleg kvantifisert, noko som fører til usikkerheit i estimat av massetap gjennom sublimering og omfordeling av snø. Ph.d.-kandidaten skal utvikla/testa modellparameteriseringar som er avgrensa og evaluerte ved hjelp av feltobservasjonar. Kandidaten skal leia ein feltkampanjestudie som kombinerer feltobservasjonar og modellering, med fokus på å vurdere rolla til snøfokk i sublimering og omfordeling av snø på nedbørfelt- og regional skala. Gjennom ein kombinasjon av in situ-, og klima- og snømodellar av varierande kompleksitet, skal kandidaten kvantifisere påverknaden av snøfokk på lokal og regional skala. Kandidaten vil utføre simuleringar av massebalanse som støttar estimat av snøfordeling til bruk i vurderingar av biologisk mangfald og økosystem, samt i hydrologisk modellering og forvaltningsplanar for skianlegg og vasskraftverk.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha mastergrad eller tilsvarande utdanning innan geofysikk, geofag eller atmosfærevitskap. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører siste mastereksamen innan 01.05.2026. Det er eit krav for tilsetjing at mastergraden er oppnådd.
God kunnskap om kryosfæriske prosessar er eit krav
Ferdigheiter i vitskapleg programmering og dataanalyse, til dømes i Python eller MATLAB, er eit krav.
Erfaring med å køyre snømodellar og/eller numeriske klimamodellar, til dømes på High-Performance Computing Systems er eit krav.
Erfaring med programmerings- og skriptspråk som Fortran, C++ og Bash er ein fordel.
Erfaring med feltinstrumentering eller anna dokumentert erfaring med handtering av observasjonsdata er ein fordel.
Erfaring frå deltaking i lengre feltarbeid eller laboratoriekampanjar er ein fordel.
Erfaring med aktivitetar eller arbeid i kalde område er ein fordel.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og vise gode samarbeidsevner.
Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i engelsk er påkravd.
Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg bli vurdert i utveljinga av kandidatar.
For stillinga gjeldt følgande:
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om stillinga som ph.d.-stipendiatStipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanningaSom ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
medlemskap i Statens pensjonskasse
gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
ei kort utgreiing om motivasjonen for å søkje stillinga (maks 2 sider)
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Asbjørn Rønningstad Sæther (asbjorn.sather@uib.no).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.