LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i miljøhumaniora

Søknadsfrist: 11.04.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er det ledig ei fireårig stipendiatstilling i miljøhumaniora med eit historisk perspektiv. Oppstartsdato er 1. august 2023.

Stipendiaten vil gå inn i forskargruppa i miljøhumaniora ved Universitetet i Bergen. Dette er ei tverrfagleg forskargruppe, som inkluderer forskarar i historie, arkeologi, kulturvitskap, lingvistikk, litteraturvitskap, medievitskap, statsvitskap, sosialantropologi, STS med meir. Den består både av stipendiatar og fast tilsette forskarar. Forskargruppa arbeider aktivt med å bygge opp miljøforskinga i dei humanistiske disiplinane, mellom anna ved å etablere faglege nettverk på tvers av disiplinar og ved å utvikle tverrvitskapleg forskingsprosjekt. Forskargruppa inngår som del av Det humanistiske fakultet si strategiske forskargruppesatsing for perioden 2023-25.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarens masteroppgåve må ha et omfang på minimum 30 studiepoeng (ECTS)
  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande i historie, arkeologi, miljøhumaniora eller eit tilgrensande fagområde. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Dokumentasjon av utanlandsk utdanning vil kunne bli sendt til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter pkt 2.1 i ph.d.-programmet.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjektomtalene til søkjarane, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekt er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Søkjarar som har skrive ei prosjektomtale som passer inn i eit eller fleire av forskingsprosjekta til medlemane i forskargruppa som er aktuelle som rettleiarar, vil bli føretrekte.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane blir det lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Om stillinga:

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år. 25 prosent av stillinga er pliktarbeid, i hovudsak undervisning på BA-nivå ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, samt forskingsadministrative oppgåver. Dei forskingsadministrative oppgåvene kan bli knytt til forskargruppa i miljøhumaniora.

Stipendiaten vil bidra til forskargruppa sitt arbeid i miljøhumaniora. Miljøhumaniora er her definert som bruk av humanistiske metodar og tenkjemåtar i studiet av miljøtematikkar, og er såleis ei form for forsking som bygg bru mellom humaniora og naturvitskap og mellom akademia og samfunnet. Stipendiaten sitt prosjekt må være historisk orientert og i hovudsak bruke historiske og/eller arkeologiske metodar. Prosjektet kan samtidig ha tverrvitskapelege element. Sjå forskargruppa si nettside for meir informasjon om pågåande prosjekt, medlemmar og kompetansefelt.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje. Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett, tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, og rettar seg etter dei retningslinene som til en kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga:

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og godkjent midtvegsevaluering. Trykk her for meir informasjon om innhaldet i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på 500 800,- kroner brutto. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Eit kort søknadsbrev som seier noko om kvifor ein har vald å søke stillinga
  • Prosjektomtale (inntil fem sider, ikkje medrekna litteraturliste) som skisserer eit avhandlingsprosjekt. Prosjektomtala skal mellom anna innehalde relevant forskingskontekst, forskingsspørsmål, eventuelle hypotesar, teoretiske perspektiv, eit skissert empirisk materiale, og metode.
  • Ei gjennomtenkt framdriftsplan for avhandlingsarbeidet
  • CV
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider)
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word eller pdf-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her. Nærare om utforming av søknad her.

Søknadsfrist: 11.04.2023

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS