Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i mikrobiologi / bioinformatikk / molekylærbiologi

Søknadsfrist: 13.02.2020

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Stipendiat i mikrobiologi/bioinformatikk/molekylærbiologi

Ved Institutt for biovitskap / Computational Biological Unit er det ledig ei stilling som stipendiat i mikrobiologi / bioinformatikk / molekylærbiologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet tek sikte på å rekonstruere mikrobielle næringsnett i hydrotermale system i djuphavet ved bruk av genom- og transkriptomanalysar. Ein sentral del av arbeidet vil være å undersøke korleis miljøfaktorar, og særskilt kjemisk energitilgang, påverkar mikrobielle samfunn på genom- og transkriptomnivå. Moglege evolusjonære tilpassingar til hydrotermale system skal og undersøkjast nærare. Stipendiaten kjem til å ta del i eit tverrfagleg samarbeid mellom forskargrupper frå CBU, Institutt for biovitskap, og K.G Jebsen Senter for Djuphavsforsking. Vi ser etter ein stipendiat som har ein sterk motivasjon for å bruke bioinformatiske reiskap til å undersøkje grunnleggande spørsmål innafor mikrobiell økologi. Det vert forventa at stipendiaten har moglegheit til å delta på forskingstokt til den Arktiske Midthavsryggen.

Biologiske samfunn som finst i hydrotermale system i djuphavet, er drivne av kjemisk energi. Ved bruk av moderne DNA sekvenseringsteknologi, er det no mogleg å rekonstruere hundretals av arke- og bakteriegenom frå kvar einskild miljøprøve. Dette gjer det også mogleg å rekonstruere metabolske nettverk frå desse miljøa på ein meir detaljert måte enn det som har vore mogleg tidligare.

Arbeidsoppgåver:

  • DNA ekstraksjon og metagenomsevensering
  • RNA ekstraksjon og metatranskriptomsekvensering
  • Rekonstruksjon av mikrobielle genom.
  • Posisjonering av transkriberte sekvensar i genomar.
  • Genomisk annotering og analyse av metabolske vegar for energikonservering
  • Fylogenetisk rekonstruksjon av genar og genomar
  • Statistisk analyse av distribusjon av genar og metabolske vegar i tusenvis av genomar.
  • Rekonstruksjon av metabolske nettverk basert på metagenomikk og metatranskriptomikk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i mikrobiologi, bioinformatikk, molekylærbiologi eller geokjemi, eller tilsvarande fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med multivariat analyse (til dømes PCA, RDA, cluster analyse), analyse av mikrobiell metabolisme, samt programmering (R, Python, Perl eller liknande) og bruk av bioinformatiske reiskap er ein føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Eventuelt pliktarbeid kjem i tillegg. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Håkon Dahle, Computational Biological Unit, tlf.: +47 91112246

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS