Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat i medisinsk teknologi
Ved Kjemisk Institutt, Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som stipendiat i kjemisk medisinsk teknologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmandearbeid (til dømes undervisning).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Stipendiaten vil være ein del av Forskningsgruppen for kjemisk medisinsk teknologi ved Kjemisk institutt, Universitetet i Bergen. Forskningsgruppa samarbeider tverrfagleg med forskarar ved Haukeland universitetssjukehus og Høgskulen på Vestlandet.
Det tverrfaglege samarbeidet fokuserer blant anna på utvikling av betre diagnostiske metodar basert på MR-avbilding (MRI). Stipendiaten vil arbeide på eit prosjekt omkring utvikling av metodar basert på diffusjonsvekta-MRI for karakterisering av mikrostrukturar i hjernen. Desse metodane har eit stort potensiale innan forbedra bildediagnostikk basert på MRI.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i kjemi, fysikk eller medisinsk teknologi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.07.2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring med programmering (MATLAB, R eller Python) er eit krav.
Erfaring frå bruk av magnetisk resonans (NMR, MRS eller MRI) er eit krav.
Erfaring med behandling av eksperimentelle data og maskinlæring er ein fordel.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Anna Folgerø (epost: anna.folgero@uib.no). Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.