Stipendiat i maskinlæring og geomatikk på naturlege hydrokarbonoppkome
Søknadsfrist: 24.03.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat i maskinlæring og geomatikk på naturlege hydrokarbonoppkome
Ved Instiutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i maskinlæring og geomatikk på naturlege metanoppkome. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, med 25 % beståande av undervising i geomatikk. Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen, og er knytt til eksisterande aktivitet i den sørlege norske Nordsjøen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
På fjernmålingsdata frå satellittar er det tydeleg at det er mange oljeflak som kjem opp frå bestemte område på havbotnen i sørlege delar av den norske Nordsjøen. Denne doktorgradsstillinga vil være dedikert til å bruke avanserte maskinlæringsteknikkar (djuplæring) til å kartleggje oljeflak i tid og rom i Nordsjøen. Dette har mange viktige implikasjonar for samfunnet, sidan slike oppkome har betydelege økologiske, miljømessige og økonomiske implikasjonar. Geologisk hydrokarbonlekkasje er også ein nyttig analogi for å betre forstå potensiell lekkasje frå CO2-lagre i undergrunnen.
Kandidaten som får stillinga vil bruke satellitt-basert syntetisk apertur-radar (SAR) til å forstå distribusjon og variasjon for naturlege oljeflak i Nordsjøen. Dette vil gjerast ved hjelp av nye maskinlæringsteknikkar for påliteleg og robust tolking av bilete frå ei rekkje ulike SAR-sensorar. Slike informasjon vil bli kombinert med data om geologi, meteorologi, økologi, industriell aktivitet og fiskeri for å verifisere observasjonar og forstå drivande faktorar. Kandidaten vil bli integrert i ei forskingsgruppe som arbeidar med hydrokarbonlekkasje og botnforhold frå geologiske, geofysiske og økologiske perspektiv, og kandidaten sitt arbeid vil være viktig for å sameine observasjonar frå ulike disiplinar. Vi oppfordrar personar med sterk maskinlæringsbakgrunn til å søke. Kandidaten vil få opplæring i geologiske og hydrokarbonrelaterte problemstillingar som del av stillinga.
Kandidaten vil kunne vere med på relevante forskingstokt, delta på relevante sommarskular og konferansar og delta på geologiske feltkurs. Kandidaten vil samarbeide med partnarar innan industri og statsforvaltning gjennom heile prosjektperioden.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geomatikk, fjernmåling, maskinlæring eller kunstig syn («computer vision»). Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 20.06.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring frå maskinlæring, geomatikk/GIS og romleg statistikk er eit krav.
Gode programmeringskunnskapar er eit krav, og kan bli testa på intervju.
Undervisningskompetanse er ein føremon.
Erfaring frå geovitskap eller oseanografi er ein føremon men ikkje eit krav.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 20.06.2024.
Professor Christian Haug Eide (christian.eide@uib.no) for overordna prosjektrelaterte spørsmål
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Chris-André Karlsen Østevold, chris-andre.karlsen@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.