Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ph.d.-stipendiat i marin optikk
Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i marin optikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).
Er du interessert i å arbeide med optikk og utfordringar knytt til korleis lys vert påverka av partiklar i vatn og atmosfæren? Vi søker motiverte og dyktige ph.d.-kandidatar til å forske på optiske eigenskapar, både på feltarbeid, i laboratoriet og ved å nytte datasimuleringar.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Ph.d.-prosjektet vil omfatte ei eller fleire av hovudaktivitetane til optikkgruppa ved Institutt for fysikk og teknologi. I hovudsak er prosjektet planlagt å dreie seg om spektral samanlikning av remote sensing reflectance frå bio-optiske strålingstransportmodellar for kystfarvatn med spekteret frå satelittsensorar. Vidare skal ein undersøkje kor desse modellane ikkje er optimale og utvikle oppslagstabellar basert på input frå in situ optiske målingar. I tillegg vil prosjektet inkludere forbetringar av atmosfærekorreksjon av satellittspektera for ulike typar kyst- og fjordfarvatn. Det kan også vere mogleg å utvikle prosjektet i ei anna retning innan optikkgruppa sine hovudaktivitetar, om vi finn den riktige kandidaten.
Arbeidsoppgåvene til denne ph.d.-stillinga inkluderer in situ optiske målingar i optisk komplekse vatn, laboratoriekalibrering og testing av avanserte optiske instrument. Det vil vere årlege moglegheiter for å reise på vitskaplege tokt, både lokalt ved Bergen og i Arktis. Det er også planar om feltarbeid i Ny-Ålesund på Svalbard.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysikk, oseanografi eller tilsvarande. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Det er ein fordel med erfaring med
optiske måleinstrument både in situ og på laboratoriet
fjernmåling frå satellittar
arbeid med datamodellering
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
Professor Børge Hamre, borge.hamre@uib.no, ved Institutt for fysikk og teknologi
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Thea Thingnes, +47 55 58 20 63, thea.thingnes@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.