LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i legemiddelkjemi

Søknadsfrist: 19.03.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i legemiddelkjemi

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i legemiddelkjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, der 25 % av tida kvart år vil bestå av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til forskingsgruppa for Bioressurser og farmasøytisk kjemi.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stipendiatstillinga er knytt til eit tverrfagleg forskingsprosjekt der målsetjinga er å oppdage nye små organiske molekyl som kan hemma enzym som er viktige i syntesen av feittsyrer hos bakteriar. Utvikling av slike hemmere er anset som ein lovande strategi for utvikling av nye antibiotika.Du vil jobbe med syntese av hemmere som vil innebere evaluering av syntesemoglegheit, planlegging av synteseruter der fleksibilitet vil vere eit viktig element, og syntese av småmolekylære målforbindelsar i tillegg til å ta del i designprosessen. Du vil få i oppgåve å utvikle nye synteseruter til identifiserte målstoff og bruke desse til å produsere stoffbibliotek for vidare evaluering i ulike analysar. Vi planlegg å nytte instituttets laboratorium for automatisert kjemi for optimalisering av syntesetrinn (og ruter), ved bruk av maskinlæring i lukka sløyfe-(autonome) optimaliseringar.

Arbeidsoppgåvene vil vere varierte, og du vil få moglegheit til å bidra til å utvikle nye løysingar i eit forskingsmiljø fokusert på innovasjon. Du vil arbeide i grensesnittet mellom informatikk, kjemi og biologi, og ditt engasjement i prosjektet og bidrag til tverrfagleg kommunikasjon vil være viktig for nå forskingsmåla. Testing av synteseprodukt ved bruk av biokjemiske analyser vil bli utført av andre prosjektmedarbeidarar samt eksterne partnarar.

Det er forventa at du bidrar i rettleiing MSc-studentar og delta aktivt i faglege aktivitetar innan gruppa og ved Kjemisk institutt.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning med spesialisering innan legemiddelkjemi eller organisk syntese, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må dokumentere solid bakgrunn innan syntese av små organiske molekyl.
  • Erfaring frå strukturell karakterisering av organiske molekyl ved bruk av NMR-spektroskopi er eit krav.
  • Erfaring med andre analytiske teknikkar som HPLC, MS og LC-MS er ein fordel.
  • Mastergrad i farmasi er ein fordel.
  • Erfaring frå prosjekt innan legemiddelkjemi er ein fordel.
  • Erfaring med molekylmodellering / docking er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og på ein strukturert måte, og vise gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Gode kunnskapar i norsk eller et anna skandinavisk språk er ein fordel for å delta i undervisning.

Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagt. Ambisjonar og potensial vil også telje ved evaluering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som stipendiat

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er karrierefremmande arbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV (skal legges ved søknaden som ei separat pdf fil, maksimalt 3 sider)
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • CV må innehalde opplysningar om dine kunnskapar i norsk eller eit anna skandinavisk språk
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Anna Folgerø , epost: anna.folgero@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS