LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i kulturvitskap - skeiv historie

Søknadsfrist: 15.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i kulturvitskap

Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er det ledig ei stipendiatstilling i norsk skeiv historie. Stillinga er del av prosjektet «Ordinary lives and marginal intimacies in rural regions. Contrasting cultural histories of queer domesticities in Norway, ca. 1842-1972 (QUEERDOM)», finansiert av Norges forskningsråd.

QUEERDOM-prosjektet (2021-2026) skal utforske korleis skeive liv vart levd trass i at dei på ulike vis utfordra normer om kjøn og seksualitet. Kva var dei spesifikke forutsetningane, knytt til for eksempel plass, tid, kjønn, klasse og etnisitet når det gjaldt organiseringa av skeive liv og dei kulturelle forståingane av desse? Prosjektet ønsker å skifte fokus frå ekspertdiskursar til levde liv og folkelege forståingar, frå storbyar til bygder, småbyar og tettstader, frå aktivisme til kvardagsliv, privatsfære og nære relasjonar. Prosjektet er i tett dialog med litteraturen omkring «queer domesticity». Prosjektet vil undersøke korleis «skeive intimitetar» vart levd i det lange århundre frå dødsstraff vart avskaffa i 1842, til avkriminalisering og moderne homorørsle vart eit faktum på 1970-talet. Ein hypotese er at det ikkje var før etter andre verdskrig at den moderne diskursen om «seksualitet» blei den dominerande forståinga i Noreg.

Det er forventa at søkjarar kontaktar prosjektleiar Tone Hellesund, tone.hellesund@uib.no (55 58 24 43) for å få tilsendt full prosjektskisse og utfyllande opplysningar om stillinga. Tone Hellesund vil også være hovudrettleiar for ph.d.-prosjektet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Søkjaren er forventa å utforme ei ph.d.-avhandling innanfor QUEERDOM-prosjekts fokusområde.
  • Det er forventa at søkjaren utviklar eit prosjekt som vil ta i bruk kulturhistorisk kjeldemateriale som kan tilføre ny kunnskap om overskridingar av normer for kjønn- og seksualitet i perioden 1842-1972, og om utviklinga av ulike livsformer og eventuelt identitetar knytt til dette.
  • Skeivt arkiv, Nasjonalbiblioteket (ved Lokalhistorisk institutt) og ulike museum er samarbeidspartnarar i dette prosjektet. Materiale tilgjengeleg via desse og liknande institusjonar vil vere særleg aktuelt som kjeldemateriale.
  • Søknaden skal inkludera ei skisse som skildrar ph.d.-prosjektet. Prosjektskissa må vere i dialog med det overordna QUEERDOM-prosjektet.
  • Kandidaten skal også ta del i den generelle teoriutviklinga som er prosjektet sitt overordna mål.

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er 3 år.

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett, tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga:

Stipendiaten skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei ramme på 3 år. Det er ein føresetnad at søkjaren fyller krava for opptak til ph.d.-program ved Universitetet i Bergen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må kunne nytte kjeldemateriale på norsk og ha gode munnlege norskkunnskapar.
  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande innan eit fagområde som er relevant for prosjektet. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Dokumentasjon av utanlandsk utdanning vil kunne bli sendt til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten til prosjektomtalen, relevansen for Queerdom-prosjektet og dei faglege kvalifikasjonane hjå søkjarane.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane blir det lagt vekt på motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 481 800 brutto.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev på maks. ei side som seier noko om kvifor ein har vald å søke stillinga.
  • Prosjektskisse (inntil 5 sider/12.000 teikn) som gjer greie for prosjektideen, og som utdjupar korleis ph.d.- prosjektet vil passe inn i QUEERDOM-prosjektet. Prosjektskissa bør også innehalde refleksjonar over metodikk, gjennomføring og tilgang til materiale, og må inkludere litteraturliste.
  • Framdriftsplan for prosjektet
  • CV
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil 3 sider).
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad.
  • Relevante attestar
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word eller pdf-format.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga og ei full prosjektskisse kan ein få ved å vende seg til:

  • Prosjektleiar Tone Hellesund, tone.hellesund@uib.no (55 58 24 43)

Søkjarar kan også kontakte instituttleiar Jan Heiret for generell informasjon, jan.heiret@uib.no, 55 58 97 62.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om utforming av søknad her.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 15. august 2021

UiB-ID: 21/6907

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS