Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i klimaprediksjon

Søknadsfrist: 15.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i klimaprediksjon. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og er finansiert av Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Formålet med stipendiatstillinga er å bidra til å utvikle kvaliteten i klimavarsling til eit nivå som er til fordel for samfunnet, og å legge til rette for den nødvendige overgangen til operasjonell varsling. Stillinga vil vere på Bjerknes klimavarslingsprogram, som fokuserer på å varsle klimaet i den atlantisk-arktiske sektoren og kringliggande kontinent på sesong- til dekadisk skala og på lengre sikt.

Stipendiaten vil utvide bruken av dataassimilerings-metodar for å handtere dei ulike skalaene i både rom og tid i dei ulike modell-komponentane (for eksempel atmosfære, hav, sjøis og landoverflate), og dessutan formulere ein framgangsmåte som klarar å spreie informasjon frå observasjonane til alle modell-komponentane samtidig og på ein konsistent måte. Dette er ein framgangsmåte som blir skildra som ein sterkt kopla dataassimilering. Vidare vil stipendiaten teste ei rekke forskjellige metodar på den Norwegian Climate Prediction Model (NorCPM). Den som blir tilsett, vil bli rettleia av professor Noel Keenlyside (UiB), Dr. François Counillon (NERSC) og professor Alberto Carrassi (University of Reading). Forskingsarbeidet i denne stillinga vil bli utført i nært samarbeid med teamet som utviklar NorCPM på Bjerknessenteret for klimaforsking, dataassimileringsgruppa på NERSC og dataassimilering forskingssenter ved University of Reading.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i meteorologi, oseanografi eller matematikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Sterk bakgrunn i anvendt matematikk og generelt i geofysisk fluidmekanikk er eit krav.
  • Gode ferdigheiter i programmering (f.eks. Fortran), «shell scripting» og dataanalyseprogramvare (f.eks. Matlab eller Python) er eit krav.
  • Det er ein fordel med erfaring med store felleskodar, datamaskiner med høg yting og handtering av modellar og observasjonar
  • Erfaring frå dataassimilering, numerisk modellering, og programmering/koding er ønskeleg
  • Det er også eit krav at den som får stillinga evnar og er villig til å arbeide på tvers av disiplinar og i eit tverrfagleg team.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Gode kunnskapar i både skriftleg og munnleg engelsk er naudsynt for publisering av forskingsresultata og kommunikasjon med andre forskarar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 3 år. Det er forventa at den som får stillinga tek eit forskingsopphold hos professor Alberto Carrassi ved University of Reading i løpet av stipendiatperioden. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden, må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS