LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i klimadynamikk

Søknadsfrist: 16.10.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking er det ledig ei stilling som stipendiat i klimadynamikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til prosjekta BASIC (Climate response to a Bluer Arctic with increased newly-formed winter sea ice) og MAPARC (Mechanism and prediction on new Arctic climate system) finansiert av Noregs Forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

BASIC og MAPARC utforskar det nye Arktis under klimaendringar, som er prega av meir opent vatn, meir nydanna havis om vinteren som er tynnare og meir skjør, og sterk oppvarming av hav og atmosfære som kan påverke atmosfærisk sirkulasjon og ekstreme vêrhendingar.

Dei to prosjekta vil kunne gje komplementær mekanistisk forståing av det nye Arktis. BASIC fokuserer på endringar i varmeinnholdet i ishavet, atlantisk-arktisk ferskvatn og den storstilte havsirkulasjonen (Atlantic Meridional Overturning Circulation). MAPARC retter seg mot det atmosfæriske varmebudsjettet i Arktis, endringar i atmosfæriske sirkulasjonsregimer i middels og høge breiddegrader, påverking av ekstremvêr og klima over hele Eurasia, og teleforbindelsar med tropane og ekstratropane.

Ph.d.-prosjektet vil fokusere på effekten av klimakomponentar på oppvarming av den arktiske troposfæren. Spesifikt vil kandidaten studere klimapåverkingane av minkande havis frå sommar til haust i det 21. århundre, og belyse storskala- og synoptiske mekanismar som er i spel. Rollen til havtemperatur versus havis i den arktiske oppvarminga vil bli undersøkt, og det vil undersøkjast kva som dominerer når verda varmast opp.

Ph.d.-prosjektet vil basere seg på analyse av tilgjengelege observasjonar, reanalysedata, store ensemblesimuleringar frå klimamodellar og numeriske simuleringar for å generere ny kunnskap om mekanismane som bidrar til oppvarming på høge breiddegrader og de globale innverknadane av det nye Arktis.

Hovudrettleiar for stipendiaten vil vere prosjektleiar dr. Shengping He, og medrettleiar vil vere professor Camille Li ved Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen. Doktorgradsstudenten vil få moglegheita til å samarbeide med ei rekke internasjonale klimaforskarar frå University of Exeter, Colorado State University, University of East Anglia, Sun Yat-Sen University og University of Chinese Academy of Sciences.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i meteorologi, klimadynamikk, oseanografi, fysikk, anvendt matematikk eller relaterte felt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Ein sterk bakgrunn innan atmosfærisk dynamikk eller klimadynamikk er eit krav.
  • Kunnskap om ekstratropisk og polart klima og storskala atmosfærisk sirkulasjon er ein føremon.
  • Erfaring med å køyre klimamodellar, analysere modellutdata, analysere klimadatasett og avanserte statistiske metodar er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 501 200,- (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr Shengping He (Geophysical Institute, University of Bergen, +47 48 38 30 10; shengping.he@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS