LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i japansk og/eller kinesisk knytt til forskargruppa Multilingualism on My Mind

Søknadsfrist: 23.03.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i japansk og/eller kinesisk knytt til forskargruppa Multilingualism on My Mind 

Velkomen som søkjar til ei stipendiatstilling i kinesisk eller japansk ved Institutt for framandspråk. Planlagd oppstart er 1. august 2025 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år. Utlysinga er open for søkjarar med prosjektplanar knytt til psykologien bak læring og undervisning i kinesisk og/eller japansk som framandspråk, og andre tema knytt til desse to språka i utdanninga og samfunnet frå eit fleirspråkleg perspektiv. 

Institutt for framandspråk har ni ulike språkfag: arabisk, kinesisk, engelsk, fransk, tysk, italiensk, japansk, russisk, spansk språk og latinamerikastudiar. Det blir undervist og forska i disiplinane språk/lingvistikk, litteratur, historie/kulturkunnskap og didaktikk. Instituttet har kring 60 fast tilsette i vitskaplege stillingar, rundt 20 stipendiatar og postdoktorar og elleve administrativt tilsette. Sjå her for meir informasjon om instituttet. 

Ph.d.-kandidaten vil bli medlem av forskargruppa Multilingualism on My Mind, leia av professor Åsta Haukås. Gruppa sine hovudinteresser omfattar forsking på psykologien bak språklæring og språkundervising, og utviklinga av fleirspråkleg og interkulturelt medvit og identitet hos språkelevar og studentar i alle aldrar, lærarstudentar og språklærarar i ulike utdanningssamanhengar. I tillegg blir tema knytt til fleirspråklegheit i samfunnet utforska. Ph.d.-kandidaten sitt forskingsprosjekt er forventa å tilføra kunnskap på eitt eller fleire av desse felta, med fokus på kinesisk og/eller japansk, gjerne i kombinasjon med andre språk.

Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 2,5 år er sett av til arbeid med sjølve doktorgradsprosjektet, mens ett år av tida blir nytta til anna, karrierefremjande arbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing. Dei resterande seks månadene er satt av til opplæringsdelen.

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Ph.d.-programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som til saman utgjer eitt semester. 

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad i kinesisk eller japanske studiar, kinesisk eller japansk som framandspråk, eller kinesisk eller japansk lærarutdanning. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) og opptakskrava for ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjaren må meistre engelsk flytande både munnleg og skriftleg og også kunne dokumentere gode ferdigheiter i kinesisk eller japansk.
  • Dokumenterte ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk er ein føremon. 
  • Erfaring frå formidlingsarbeid er ein føremon.

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, samt ein framdriftsplan for prosjektet. 

Vurderinga av søknadene vil være basert på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Vi tilbyr: 

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Bruttoårsløn på kr 560 000,- i full stilling (kode 1017). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse. 
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske cv-skjemaet. 

Søknaden skal innehalde:

  • Søkjaren må leggje ved ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling innafor forskingsområda til Multilingualism on My Mind og knytt til japansk og/eller kinesisk saman med ein framdriftsplan for prosjektet. Prosjektskissa skal vere på inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom (litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og ein tidsplan for gjennomføring. Skissa må òg tydeleg vise korleis ph.d.-prosjektet passar inn i interesseområda for forskargruppa Multilingualism on My Mind.
  • Litteraturliste for prosjektskissa.
  • Framdriftsplan for heile varigheita for prosjektet, inkludert tid til det karrierefremjande arbeidet og obligatorisk opplæringsdel.
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV.
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer omfanget av oppgåva i ECTS.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
  • Dokumentasjon av ferdigheter i engelsk 
  • Dokumentasjon av ferdigheter i kinesisk eller japansk
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar.
  • Eventuelle publikasjonar eller tekstutdrag (inntil tre).
  • Relevante attestar.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing til engelsk eller eit skandinavisk språk. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Den sakkunnige komiteen kan i særskilte tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Nærare om tilsetjingsprosessen.

Andre opplysningar 

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett, tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for framandspråk, og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Martin Paulsen på e-post m.paulsen@uib.no eller telefon +47 55 58 23 86

 Spørsmål om prosjektet og forskargruppa Multilingualism on My Mind kan rettast til Professor Åsta Haukås på epost: asta.haukas@uib.no .

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS