Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i isotopklynge - paleoseanografi

Søknadsfrist: 31.01.2020

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som stipendiat i isotopklynge (clumped isotope)- paleoseanografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Føretrekt oppstart er 1. mars 2020

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Om prosjektet

Isotopklyngetermometri er eit nytt geokjemisk verktøy for å rekonstruere temperaturar frå tidlegare tider. Metoden har den unike fordelen at temperaturberekningane er uavhengige av samansetninga av sjøvann og påverkas ikkje av biologiske effektar. Derfor kan isotopklyngemetoden gje ny innsikt i tidlegare klima gjennom kenozoikum og utover, der andre metodar blir meir usikre. I gruppa vår brukar vi metoden på marine mikrofossil (foraminiferar) for å rekonstruere endringar i havtemperaturen gjennom ulike tidsperiodar i kenozoikum prega av drivhusklima og/eller store klimatiske overgangar.

Gruppa er del av Bjerknes-senteret for klimaforsking og stipendiatar deltar vanlegvis i den norske forskarskolen CHESS, som tilbyr kurs for karriereutvikling og mange moglegheiter for å byggje opp eit nettverk med kollegar.

Arbeidsoppgåver

  • Førebu prøver av foraminiferar for analyse (blant anna sikting av sedimentprøvar, plukking av foraminiferar under mikroskop, reinsing og veging)
  • Isotopklynge-massespektrometri og prosessering av data.
  • Deltaking i dagleg drift av isotopklyngelaboratoriet, som er utført av gruppa med hjelp av ingeniørar og teknikar.
  • Datatolking i samarbeid med klimamodellører.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i geovitskap eller eit relatert fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Førstehandserfaring i geokjemi, fortrinnsvis stabil isotop geokjemi, er ein stor føremon.
  • Tidlegare erfaring frå klimamodellering eller data-modell integrasjon er ein føremon.
  • God kjennskap til dataprosesseringsprogram er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dr. Nele Meckler, Institutt for geovitenskap, Tel.: +47 55 583530, e-post: nele.meckler@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS