Stipendiat i informatikk – (energiinformatikk, optimering og maskinlæring)
Søknadsfrist: 17.03.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat i informatikk – (energiinformatikk, optimering og maskinlæring)
Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som stipendiat i informatikk - energiinformatikk.
Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen. Den som vert tilsett må kunne starte i stillinga seinast innan 31. oktober 2024.
Om instituttet
Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon, visualisering og didaktikk. Våre sentre Center for Data Science (CEDAS), Computational Biology Unit (CBU) og Energy Informatics Lab er viktige utvidingar av aktivitetane våre innan forsking og utdanning. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 1000 studentar, og 150 tilsette frå meir enn 35 land, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 50 stipendiatar.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Alle tilsette forventast å bidra til framståande forsking og undervising av høg kvalitet. Arbeidsmiljøet for denne stillinga vil være energiinformatikklab ved Institutt for informatikk. Energiinformatikk er eit spesialfelt innan informatikk som tek for seg utfordringar knytt til berekraftig energiproduksjon, -distribusjon og -bevaring gjennom utvikling og bruk av moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi.
Dette brede feltet omfattar metodar frå kunstig intelligens, maskinlæring, optimalisering, høgytingsdatabehandling, algoritmar, datatryggleik og visualisering. Teknologien blir brukt i ein rekke sektorar, blant annet innan energisystem som vindkraft og transport.
Dette prosjektet har som mål å kombinere maskinlæring og optimalisering for å skape avanserte løysningar for vindparkar. Til denne stillinga søkjer vi etter ein framståande kandidat med erfaring og interesse for operasjonsanalyse, forsterkande læring og dyplæring, samt sterke problemløysingsevner.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i informatikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen innan 30. juni 2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Forskingserfaring innan maskinlæring er eit krav.
Søkjaren må ha utmerka programmeringsevnar.
Forskingserfaring innan optimeringsmetodar er ein fordel.
Arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Gode norskkunnskapar (om stillinga krev det)
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stipendiatstillinga:
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga:
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
CV
Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 30. juni 2024.
Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
Eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Førsteamanuensis Ahmad Hemmati,
Førsteamanuensis Nello Blaser eller
Instituttleiar Inge Jonassen
For HR-relaterte førespurnader ta kontakt med Karoline Christiansen
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.