Stipendiat i informatikk - sekvensdesign for trådlaus kommunikasjon
Søknadsfrist: 01.09.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat i informatikk - sekvensdesign for trådlaus kommunikasjon
Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som stipendiat i informatikk - sekvensdesign (signaldesign) for trådlaus kommunikasjon. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år.
Stillinga er knytt til prosjektet «IKTPLUSS for data ubiquitous data service», finansiert av Forskingsrådet.
Om instituttet
Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering, samt ei nyoppretta forskingsgruppe i informatikk-utdanning. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 700 studentar, i overkant 150 tilsette, deriblant 35 førsteamanuensar og professorar og 50 stipendiatar. Vi har etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Vi ser etter ein utmerka kandidat som har ei sterk ynskje om å bidra til framifrå forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet. Arbeidsplass for denne stillinga vil vera hos forskingsgruppa Selmersenteret for sikker kommunikasjon. Selmersenteret er ei internasjonalt leiende forskingsgruppe innan IKT innan sekvensdesign, kodeteori, kryptografi, informasjonssikkerheit, Boolske funksjonar og kvanteinformasjonsteori. Vi søker gode kandidatar i retning av trådlaus kommunikasjon og 5G mobilkommunikasjon. Vi er spesielt interessert i søkjarar som utmerka seg med sekvensdesign innan trådlaus kommunikasjon, kodeteori og matematikk.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i digital kommunikasjon/matematikk/informatikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 30.10.2020. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Søkjarar må ha sterk matematikkbakgrunn når det gjelder publikasjonar eller eventuell annan dokumentasjon.
Erfaring frå forsking innan sekvensdesign og multippel-tilgang ordningar for trådlaus kommunikasjon og mobilkommunikasjon, kodeteori er ein føremon.
Søkjarar med god norskkunnskapar er ein føremon
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga
Samla stipendperiode er tre år, med høve til eit fjerde år. Den som vert tilsett for fire år vil i tillegg til å jobbe mot ein ph.d.-grad, ha oppgåver retta mot undervisning, formidling og rekruttering i 25% av tida si. Tilsetjing i fire år avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 30.10.2020
For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Lene Sørheim
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.