LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i informasjonsvitenskap

Søknadsfrist: 01.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i informasjonsvitskap

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som stipendiat i informasjonsvitskap. Tilsettinga er for fire år, og 25% av samla tilsettingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.

Stipendiaten vil vere knytt til forskingsgruppa Logikk og Kunstig Intelligens.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Vi ønsker spesielt kandidatar som vil arbeide i forskingsfronten innan kunstig intelligens, gjerne med et prosjekt innan maskinetikk, autonome agentar og multi-agent system, forklarbarheit, rettferd, automatisert revisjon av ansvarlegheit, eller etisk innverknad av automatiserte avgjerdsprosessar. Stipendiaten vil vere knytt til forskingsgruppa Logikk og Kunstig Intelligens, og må legge ved et relevant prosjektforslag og forslag til rettleiar for prosjektet saman med søknaden. Vi oppmodar søkarar sterkt til å kontakte den foreslegne rettleiaren på førehand.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant mastergrad, i informasjonsvitskap, informatikk, kognitiv vitskap, logikk, eller tilsvarande. Søkarar som fullfører mastergrad innan 15 juli kan søke.
  • Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetting kan skje.
  • Minstekravet for søkarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilhet.
  • Søkjar må kunne dokumentere bakgrunn eitt eller (helst) fleire av områda:

    - formelle metodar

    - logikk-programmering

    - formell argumentasjon

    - deontisk / normativ resonnering

    - avgjerdsteori

    - formell stadfesting

    - moralsk filosofi

    - differensial personvern

    - maskinlæring

  • Dette kan være et kurs kandidaten har tatt eller eit prosjekt kandidaten har fullført.
  • Erfaring frå vitskapleg arbeid er ei føremon.
  • Den ideelle kandidaten har stor motivasjon for forsking, interesse for tematikken i prosjektet, og innsikt i relevante teoriar og metodar, kan arbeide sjølvstendig og strukturert og har gode samarbeidsevner.
  • Gode kunnskapar i engelsk skriftleg og munnleg er ein føresetnad.

Aktuelle kandidatar vil bli kalle til intervju.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidligare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i forskarutdanninga ved UiB. Utdanninga har ein normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av utdanningsbakgrunnen må minst svare til femårig, norsk masterutdanning, inklusive ein toårig mastergrad som omfattar ei masteroppgåve. Mastergraden skal være innen det fagområdet det søkes opptak om.

Omtale av rutinar for tilsetting og opptak til forskarutdanning vedteke av dei einskilde fakulteta

Vi tilbyr:

  • Løn etter lønssteg 54 (Lpl.17.515, st. kode 1017) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 482 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • Prosjektskildring
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bedne om å sende inn ein oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Leif Ove Larsen, e-post leif.larsen@uib.no, eller tlf.: 55 58 41 16

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til rådgiver Bodil Hægland, e-post: bodil.hagland@uib.no.

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si forskarutdanning. Nærare opplysningar om forskarutdanninga kan ein finna på linken. Eventuelle spørsmål om forskarutdanninga kan rettast til seniorkonsulent Hanne Gravermoen, e-mail: hanne.gravermoen@uib.no, tlf.: +47 55 58 90 68.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS