LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i hydrogentryggleik for skip

Søknadsfrist: 31.01.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Ph.d.-stipendiat i hydrogentryggleik for skip

Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen har ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i hydrogentryggleik. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til gruppa for Energi- og prosesstryggleik og er finansiert av Noregs Forskningsråd (NFR) igjennom prosjektet “Safe Hydrogen Implementation: Pre-normative research for Ships” (SH2IPS).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

SH2IPS er eit tverrfagleg prosjekt der hovudmålet er å utarbeide vitskapleg-baserte anbefalingar for eit internasjonalt regelverk som kan leggje til rette for trygg utvikling og realisering av handelsskip drivne av hydrogen og hydrogenbaserte energiberarar. Aktivitetane i prosjektet inkluderer utvikling av grunnleggande kunnskap og kompetanse knytt til tennings- og forbrenningsfenomen i blandingar av hydrogen og luft for å understøtte utviklinga av tekniske løysingar for eksplosjonstrygging i innestengde og obstruerte område. Forskingsaktivitetane i SH2IPS vert utført i samarbeid med andre nasjonale og internasjonale forskingsprosjekt og nettverk innan hydrogentryggleik.

Avhengig av forskingsinteressane og kvalifikasjonane til kandidaten vil doktorgradsprosjektet fokusere på eksperimentelle undersøkingar av tennings- og forbrenningsfenomen for blandingar av hydrogen og luft. Det kan og vere aktuelt å inkludere modellering av utvalde fenomen.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i prosesstryggleik eller andre relevante fagfelt innan fysikk eller ingeniørfag. Masteroppgåva må vere levert til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Gode norskkunnskapar er ein føremon. 
  • Dokumentert erfaring frå eit eller fleire av følgjande område er eit krav:
    • Eksperimentelle undersøkingar av høgspenningskretsar og system (>1,5 kV) for generering og måling av elektriske gnistar eller elektrostatiske utladingar.
    • Eksperimentelle undersøkingar av transiente fenomen i komprimerte høgtrykkssystem (>150 bar), til dømes spontan tenning forårsaka av utslepp av hydrogen frå trykksatte behaldarar.
    • Eksperimentelle undersøkingar av flammeakselerasjon og overgang frå deflagrasjon til detonasjon (DDT) i blandingar av brennbar gass og luft.
    • Eksperimentelle undersøkingar av verknaden av kjemiske sløkkjemiddel på forblanda flammar. 
  • Erfaring frå eit eller fleire av følgjande område er ein fordel:
    • Lovverk og standardar for brann- og eksplosjonstrygging i maritim industri.
    • Laboratoriemålingar og datainnsamling som involverer transiente fenomen.
    • Risikoanalyse og risikostyring prosessindustrien eller maritim industri.
    • Numerisk modellering av tennings- og forbrenningsfenomen.
    • Forsking på hydrogentryggleik.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Spesielle krav til stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing på engelsk, på minimum 3 og maksimum 5 sider, om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga, kva som gjer søkjaren kvalifisert til stillinga, og korleis søkjaren tenkjer å gjennomføre prosjektet. Dette vedlegget skal lastast opp som ei eiga PDF-fil med overskrifta ‘Motivational Letter’.
  • Ein CV, inkludert relevant arbeidserfaring og attestar.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • Relevante attestar
  • Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskapar ved opptak til ph.d.-programmet)
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Trygve Skjold, telefonnummer (Teams): +47 55 58 27 37 eller 
  • Førsteamanuensis II Helene Hisken, Helene.Hisken@uib.no, ved Institutt for fysikk og teknologi

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgivar Thea Thingnes, thea.thingnes@uib.no, 55 58 20 63.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS