LEDIG STILLING VED NORD UNIVERSITET

Stipendiat i fysisk oseanografi

Søknadsfrist: 20.04.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Stipendiat i fysisk oseanografi

Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fysisk oseanografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen og er knytt til ERC Starting Grant-prosjektet OceanCoupling. Ei anna ph.d.-stilling i fluidmekanikk frå same prosjekt finn du her.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Forskargruppa til førsteamanuensis Yan Li søkjer ein svært motivert og usedvanleg talentfull stipendiat i fysisk oseanografi til å leie ei arbeidspakke som skal gje nye fysiske innsikter i koplinga mellom fleirskalastrøymingar knytte til havoverflate­bølgjer, submesoskala straumar, turbulens og vindpåverknad ved luft–hav-grensesnittet. Fokuset er på dei fysiske prosessane under havoverflata.

Still­inga gir framifrå moglegheiter, mellom anna samarbeid med teoretiske ekspertar og eksterne partnarar, og deltaking på internasjonale konferansar og seminar. Prosjektet vil òg støtte forskingsopphald og felles aktivitetar med samarbeidspartnarar knytt til forskingsoppgåvene. Yan Li, saman med to ekstra samarbeidspartnarar, inkludert professor Alexander Babanin (University of Melbourne, Australia), vil utgjere eit rettleiingsteam for stipendiaten.

Forskinga vil innebere bruk av tilpassa numeriske skript utvikla av gruppemedlemmane, noko som betyr at samarbeid og lagånd vil vere sentralt i det daglege arbeidet. Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er lista opp nedanfor:

  • Gjere litteraturgjennomgangar.
  • Setje opp numeriske eksperiment for å teste fysiske hypotesar.
  • Køyre tilpassa skript ved hjelp av programmeringsspråk som Fortran, Python og/eller MATLAB.
  • Etterbehandle og tolke datasett frå numeriske simuleringar.
  • Foreslå parameteriseringsskjema basert på nye fysiske innsikter for storskala klimamodellar.
  • Følgje og gjennomføre forskingsoppgåvene definert i ‘OceanCoupling’-prosjektet.
  • Rapportere jamleg om framdrifta i forskinga.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i teoretisk eller numerisk fysisk oseanografi, fluidmekanikk, hydrodynamikk eller andre relevante fagfelt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.07.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert gode karakterar i relevante emne som fluidmekanikk, rekning, matematikk, fysikk, mekanikk eller liknande er eit krav.
  • Dokumentert erfaring med numerisk implementering av tilpassa skript innan fluidmekanikk/fysisk oseanografi, inkludert OpenFoam og arbeid med overflatebølgjer eller bølgje–straum-interaksjon, er ein fordel.
  • Ferdigheiter på mellomnivå eller avansert nivå i programmeringsspråk som Fortran, Python og/eller C/C++ knytt til fysiske problem innan fluidmekanikk er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Merk at brukarerfaring med kommersiell CFD software (som Fluent) ikkje er relevant for stillinga. 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga

For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 568 700 brutto . Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: prosjektleiar førsteamanuensis Yan Li, eller instituttleiar Antonella Zanna Munthe-Kaas.

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Karoline Christiansen (HR adviser), +4755584770, karoline.christiansen@uib.no
Powered by Labrador CMS