Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Stipendiat
Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for Klimaforsking er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fysisk oseanografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning).
Vi søkjer ein motivert og høgt kvalifisert PhD-kandidat til å bli med i vårt team.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Ph.d.-prosjektet vil fokusere på prosessar knytt til den antarktiske skråningsfronten og havprosessar over kontinentalsokkelen i Kong Håkon VII Hav og Weddellhavet, Antarktis, med eit særleg fokus på innstrøyming av varmare vassmassar frå djuphavet og mot/innunder isbremmar langs kysten. Varm innstrøyming kan føra til auka smelting av isbremmar nedanfrå, noko som igjen kan føra til tynnare isbremmar og havnivåstiging.
Ph.d.-kandidaten vil nytta oseanografiske observasjonar for å undersøkje korleis den Antarktiske skråningsfronten varierer i tid og rom, samt korleis anomaliar i straum og hydrografi forplantar seg langs og mot kontinentalsokkelen og innunder isbremmane. In situ observasjonar inkluderer skipsbaserte målingar av straum og hydrografi, samt data frå utstasjonerte oseanografiske måleriggar
Rettleiarane vil vere professor Elin Darelius (UiB), førsteamanuensis Kjersti Daae (UiB) og Tore Hattermann (Norsk Polarinstitutt, Tromsø). Ph.d.-kandidaten vil bli innskriven og tilsett ved Universitetet i Bergen. Som Ph.d.-kandidat ved Geofysisk institutt vil du vere tilknytt Bjerknessenteret for klimaforsking (BCCR). BCCR er det største klimaforskingssenteret i Norden og blant dei leiande sentera i Europa. Arbeidsmiljøet er svært internasjonalt med rundt 200 forskarar frå 37 land.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk, fysikk, anvendt matematikk eller liknande, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Ei god forståing av fysiske prosessar og dynamikk i havet er eit krav
Gode ferdigheiter i matematikk og vitskapleg programmering (ideelt sett Matlab eller Python) er eit krav.
Erfaring med tidsserieanalyse er ein fordel.
Kunnskap om fysisk oseanografi ved høgare breddegradar er ein fordel.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
For stillinga gjeldt følgande:
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om stillinga som ph.d.-stipendiatStipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanningaSom ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700,-. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
medlemskap i Statens pensjonskasse
gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
relevante attestar
eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)
eventuelle publikasjonar
ei detaljert punkt-for-punkt grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Elin Darelius, Geofysisk institutt, UiB (elin.darelius@uib.no)
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Asbjørn Rønningstad Sæther (asbjorn.sather@uib.no).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.