Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Stipendiat
Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for Klimaforsking er det ledig ei stilling som stipendiat i fysisk oseanografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Auka tilførsel av ferskvatn frå Polhavet og Grønlandsisen er breitt anerkjent som ein viktig mekanisme som kan føre til ei svekking av den atlantiske omveltingssirkulasjonen (AMOC). Den ekstra tilførselen av ferskvatn har potensial til å nå område der djupvatn blir danna. Der aukar ho sjiktninga i dei øvre havlaga, avgrensar djup konveksjon og reduserer styrken til AMOC. Trass i den kritiske betydninga av arktisk ferskvatn er variasjonane, transportvegane og dei storskala verknadene framleis dårleg kartlagde.
Den utlyste stillinga vil undersøkje eksportvegar for ferskvatn frå Polhavet og deira nedstraums påverknad på konveksjon og omvelting i dei nordiske hava og den subpolare Nord-Atlanteren. Prosjektet vil byggje på analyse av tilgjengelege observasjonar, data frå høgoppløyselege modellar og reanalysar, Lagrange‑analyse, samt nye NorESM (Norwegian Earth System Model)‑simuleringar med realistisk tilførsel av ferskvatn frå Grønland.
Stipendiaten vil bli rettleidd av Dr. Marius Årthun. Stipendiaten vil vere tilknytt Polhavet 2050, eit stort, tiårig nasjonalt forskingsprogram som har som mål å betre forståinga av dagens tilstand og den framtidige utviklinga i Polhavet. Programmet samlar 18 norske partnarar og kombinerer tverrfagleg feltarbeid, innovasjon og avansert hav‑ og klimamodellering. Som stipendiat ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen vil du også vere tilknytt Bjerknessenteret for klimaforsking, Noregs leiande forskingsmiljø innan klimaforsking.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må hå oppnådd mastergrad eller tilsvarande i fysisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk, fysikk, anvendt matematikk eller liknande, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
God kunnskap innan hav- og/eller klimadynamikk er eit krav.
Kompetanse innan vitskapeleg programmering (for eks. Matlab og Python) er eit krav.
Erfaring innan statistisk analyse av observasjonar eller data frå numeriske modellar relatert til hav eller klima er eit krav.
Kjennskap til havsirkulasjon i Arktis og Nord-Atlanteren er ein fordel.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga:
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar): Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Dr. Marius Årthun, Geofysisk institutt, Marius.Arthun@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Asbjørn Rønningstad Sæther, Asbjorn.Sather@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.