LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i fysisk oseanografi

Søknadsfrist: 21.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Geofysisk Institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fysisk oseanografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til forlenging med eit års pliktarbeid (f.eks. undervisning på instituttet). Stillinga er knytt til eit prosjekt med tittelen “FJO2RD: The effect of climate change on the deep-water renewal frequency of Norwegian fjords”, som er finansiert av Forskingsrådet. Prosjektet er eit samarbeid mellom UiB, Havforskingsinstituttet og NORCE, og involverer kollegar frå University of Concepcion, Chile samt Göteborgs Universitet, Sverige.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Fjo2rd fokuserer på dei fysiske faktorane – variabilitet og trendar i hydrografien på kontinentalsokkelen, blanding og diffusjon i fjordbassenget – som avgjer når og korleis vatnet i bassenget vert skifta ut med nytt oksygenrikt vatn frå kysten. Data frå 6 av 8 hydrografiske stasjonar langs kysten av Noreg viser at det tyngste vatnet som vert observert på ei gitt djupne blir lettare og meir variabelt. Det inneber at frekvensen for djupvassfornying i mange norske fjordar sannsynlegvis har sokke dei siste 30 åra. Ei lågare fornyingsfrekvens bidreg til lågare oksygenkonsentrasjonar og potensiell hypoksi, som får store konsekvensar for det lokale økosystemet.

Arbeidet vil fokusere på to fjordar på Vestlandet (Masfjorden og Lurefjorden) som har forskjellig terskeldjupne og som difor vert påverka av ulike vassmassar på kysten.

Kandidaten vil nytte nye og eksisterande observasjonar, numeriske simuleringar (hindcast og regionale simuleringar), og dessutan reanalyse data til å undersøke t.d. tilhøve og variabilitet i fjorden i dag (inklusive turbulensnivå og blanding), kopling til storskalasirkulasjon og meteorologisk pådriv, og dei faktorane som ligg til grunn for den observerte trenden i tettleik langs kysten.

Kandidaten blir inkludert i ei nyetablert tverrfagleg «fjordgruppe» i Bjerknessenteret, som inkluderer fysiske og kjemiske oseanografar, paleooseanografar og marinbiologar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysisk oseanografi, meteorologi, fysikk, anvendt matematikk eller nærliggande fag, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Gode kunnskapar i havfysikk, matematikk og vitskapleg programmering er eit krav.
  • Det er ein fordel med erfaring frå dataanalyse (observasjonar og/eller resultat frå numeriske modeller), fjordoseanografi, numerisk modellering, statistiske metodar, vitskapleg skriving, marin biogeokjemi eller oseanografisk feltarbeid.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

Det er forventa at den som vert tilsett deltek på fleire kortare forskingstokt til fjordar rundt Bergen.

Kandidaten vert tilsett ved Universitetet i Bergen, men det er forventa at vedkommande arbeider delar av tida ved Havforskingsinstituttet i Bergen, og dessutan å gjennomføre eit opphald på ein månad ved Universitetet i Concepcion, Chile.

For stillinga gjeldt følgande:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • tilknyting til ein multidisiplinær (fysisk og kjemisk oseanografi, marine biologi og paleoseanografi) gruppe ved Bjerknessenteret for klimaforskning.
  • deltaking i CHESS (https://chess.w.uib.no/), ei nasjonal forskarskule for stipendiatar som arbeider med klimarelaterte målsettingar.
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 491 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

  • Førsteamanuensis Elin Darelius, Geofysisk Institutt, elin.darelius@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS