LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i fortidas brå endringar i klima- og havsirkulasjon (paleoseanografi)

Søknadsfrist: 09.12.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i fortidas brå endringar i klima- og havsirkulasjon (paleoseanografi)

Ved Institutt for geovitskap og Bjerknessenteret for Klimaforskning (BCCR) er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fortidas brå endringar i klima- og havsirkulasjon. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Stillinga er finansiert frå Senter for Klimadynamikk som er ein samarbeidsorganisasjon administrativt lokalisert ved Universitetet i Bergen og har øyremerkt middel frå Kunnskapsdepartementet, til og med 2026. Senteret trekker på kompetansen utvikla av - og prestasjonane til - Bjerknessenteret for klimaforsking sidan oppstartinga som eit nasjonalt senter for framifrå forsking i 2002. BCCR kombinerer ekspertise innan klimadynamikk frå partnarane sine: Universitetet i Bergen, NORCE, Havforskingsinstituttet og Nansensenteret for miljø og fjernmåling. BCCR er eitt av Europa sine største og mest anerkjende forskingsmiljø for forståing av klimavariabilitet og -endring. BCCR sin visjon er å vere det leiande internasjonale senteret for å føreseie arktisk-atlantiske klimaendringar i ein global kontekst og vere den sentrale nasjonale leverandøren av klimakunnskap. Dei tematiske forskingsområda på senteret er globalt klima, polart klima, klimafarar og karbon. I alle forskingsområde vert det nytta moderne observasjonar, modellsimuleringar og rekonstruksjonar frå geologiske arkiv, ofte i kombinasjon, for å få robust kunnskap om klimasystemet. Bjerknessenteret er eit aktivt internasjonalt og ope miljø for ph.d.-studentar og yngre forskarar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Om prosjektet:

Kunnskap om endringar i hav, atmosfære, og kryosfære og interaksjonane deira er avgjerande for å forstå korleis hurtige og brå klima endringar i oppstår i jordsystemet. Eit stort kunnskapshol i forståinga vår av korleis klimasystemet opererer er klimasensibiliteten knytt til ventilasjon og sirkulasjon av djupe og intermediære vassmassar. Ventilasjon av intermediære vassmassar overfører endringar frå dei polare områda og inn i havet og påverkar med dette global næringssirkulasjon og produktivitet, omveltingssirkulasjon, atmosfærisk CO2-opptak, oksygenering og globale klimavariasjonar. Dei intermediære vassmassane speler derfor ei integrert rolle i det kopla klimasystemet og har vist seg å vera kjenslevar for endringar i hav-, atmosfære- og kryosfære lik dei som i dag går føre seg i polare og subpolare område. Trass i dette er det uvisse om korleis havstraumane responderer på dei pågåande klimaendringane over lengre tidsrom, på den underliggjande sensibiliteten deira, på tersklar og konsekvensar. Det er derfor høgst nødvendig å innhenta kunnskap om havet som går lenger tilbake i tid enn dei korte instrumentelle datasetta. Dette for å kunna forstå variabiliteten og klimasensibiliteten til havventilasjon på lengre (multi-tiår til tusenårige) tidsskalaer.

Dette doktorgradsprosjektet vil bidra med ny kunnskap om fortidas havsirkulasjonen som vil bli nytta til å testa ut nøkkelteoriar for korleis dei pågåande klimaendringane kan endra den globale havsirkulasjonen, endra regionalt klima, anoksi, karbonopptak, tilgang på næring og produktivitet. Spesielt vil endringar på tidsskalaer som er relevant for samfunnet (t.d. multidekadisk-hundreårsskala) bli undersøkt for å gi informasjon om sensibiliteten og tersklane for intermediær ventilasjon i periodar med sirkumpolar oppvarming tilbake i tid. Desse vil bli brukte til å bestemma viktige vippepunkt i responsen i havet på klimaendringar og modulasjon av dei biogeokjemiske syklusane.

Arbeidsoppgåver:

  • Førebuing av foraminiferprøver for analyse (inkludert våt sikting av sedimentsprøver, plukking av foraminiferer under eit mikroskop, reingjering og veging)
  • Vitskapleg dataanalyse og tolking, også eventuelt i samarbeid med klimamodellørar.
  • Prosjektet kan også innebera feltarbeid (tokt/ekspedisjonar) for å samla prøvemateriale.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geovitskap eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Kandidaten må demonstrere erfaring frå enten paleoseanografi eller maringeologi med vekt på geokjemi og mikropaleontologi (til dømes: planktiske og bentiske foraminiferar, stabile isotopar, litiske teljingar, sorterbar silt, XRF eller andre geokjemiske proksiar) både i teori og metodar.
  • Praktisk erfaring med anten marine sedimentsprepareringsteknikkar, stabile isotopanalysar, foraminifer teljingar (planktiske og bentiske) eller geokronologi er ein stor føremon.
  • Erfaring med oseanografi er ein føremon, men ikkje eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar, tidlegare faglege prestasjonar samt kandidatens forskningsmotivasjon og fagleg potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 501 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. Søkjarar blir oppmoda til å foreslå eigne forslag til forsking eller mål.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Direktør for Bjerknessenteret for Klimaforskning, Dr. Kikki Flesche Kleiven, e-post: kikki@uib.no; mobil: +47 416 06 45

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS