Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Stipendiat i fluidmekanikk
Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fluidmekanikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til ERC Starting Grant-prosjektet OceanCoupling. Ei anna ph.d. stilling i fysisk oseanografi knytt til same prosjekt finns her.
Om prosjektet
Forskargruppa til førsteamanuensis Yan Li søkjer ein høgt motivert og særleg talentfull ph.d.-stipendiat i fluidmekanikk til å leie forskingsoppgåver som har som mål å utvikle nye teoretiske rammeverk for koplinga mellom fleirskalastrømmar som involverer havoverflatebølgjer, submesoskala straumar, turbulens og vindpåverknad. Målet er å utleie svært nøyaktige og effektive teoretiske modellar ved å vidareutvikle nye rammeverk frå OceanCoupling-prosjektet, og å implementere modellane numerisk. Vi søkjer kandidatar som kan starte så snart som mogleg.
Stillinga er finansiert av eit European Research Council – Starting Grant leia av førsteamanuensis Yan Li. Forskingstema og oppgåver er planlagt i samsvar med prosjektforslaget. For meir informasjon kan ein kontakte Yan Li via e‑post for forskingsskildringa. For interesserte søkjarar må motivasjons- eller søknadsbrevet innehalde eit eige avsnitt om kvifor og korleis di forskingsbakgrunn og erfaring gjer deg særleg godt skikka for stillinga.
Stillinga byr på svært gode moglegheiter for samarbeid med eksperimentelle partnarar og eksterne samarbeidspartnarar, og for deltaking på internasjonale konferansar og verkstader. Prosjektet vil støtte forskingsopphald og felles aktivitetar med samarbeidspartnarar knytt til forskingsoppgåvene. Yan Li vil saman med to samarbeidspartnarar utgjere rettleiiarteamet for ph.d.-stipendiaten.
Arbeidsoppgåver
Forskingsarbeidet vil omfatte teoretisk arbeid, utvikling av tilpassa numeriske skript og numeriske simuleringar for validering og utforsking av modellpotensialet. Forskingsresultat skal òg kome andre gruppemedlemmer til nytte, noko som inneber at brukartilpassa resultat og god dokumentasjon er ein naturleg del av det daglege arbeidet. Eit omfattande opplæringsprogram tilpassa relevante oppgåver vil bli tilbydd, særleg knytt til praksis i datahandteringsplanen for gruppa. Tilgang til høgkapasitetsrekneressursar og datasett frå laboratorieforsøk vil bli gitt for å støtte simuleringar og verifikasjon av modellen.
Arbeidsoppgåvene omfattar:
Reprodusere og lære ein teoretisk modell for interaksjon mellom bølgjer og straum ved å setje riktige initial- og randvilkår som svar på vindpåverknad på havoverflata.
Utvide den nye bølgje- og straummodellen til å handtere brattare bølgjer og småskala turbulens.
Utvikle ein numerisk løysar som implementerer det nyutvikla teoretiske rammeverket ved bruk av grunnleggjande programmeringsspråk. Løysaren vil bygge vidare på eksisterande moduler utvikla i OceanCoupling-prosjektet.
Utvikle kode i programmeringsspråk som Fortran, Python og/eller MATLAB.
Validere og teste tilpassa skript og utføre numeriske simuleringar.
Jobbe tett og integrert med prosjektleiar (PI) og andre teammedlemmer.
Rapportere framdrift i forskinga.
Følgje og gjennomføre forskingsoppgåver definert i OceanCoupling-prosjektet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fluidmekanikk, teoretisk fysisk oseanografi, anvend matematikk, hydrodynamikk eller andre relevante fagfelt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.07.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Dokumentert gode karakterar i relevante emne som fluidmekanikk, rekning, matematikk, fysikk, mekanikk eller liknande er eit krav.
Dokumentert erfaring med utvikling eller numerisk implementering av teoretiske modellar i fluidmekanikk/teoretisk fysisk oseanografi som omhandlar overflatebølgjer eller interaksjon mellom bølgjer og straum, er ein fordel.
Erfaring med programmeringsspråk som Fortran, Python, C/C++ knytt til fysiske problem i fluidmekanikk er ein fordel.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
Merk at brukarerfaring med kommersiell CFD software (som Fluent) ikkje er relevant for stillinga.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 568 700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no eller 55 58 47 70.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)