LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i filosofi

Søknadsfrist: 16.09.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Velkommen som søkjar til ei stipendiatstilling i praktisk filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium. Planlagd oppstart er 01.01.2025 eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium har omlag 70 tilsette på heil- og deltid, inkludert om lag 10 stipendiat- og postdoktorstillingar. Instituttet tilbyr undervisning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå i filosofi. I tillegg har det ansvar for å drive Universitetet i Bergen sitt Examen philosophicum-tilbod. Forskinga ved instituttet spenner over eit vidt område. Ei oversikt over forskingsgruppene på instituttet kan ein finne her: Forskingsgrupper ved FoF

Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga:

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 25 prosent av tida nyttast til anna, karrierefremjande arbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Ein vesentleg del av dette arbeidet vil omfatte undervisning, rettleiing og vurderingsarbeid ved Examen philosophicum og/eller andre innføringsemne ved Det humanistiske fakultet. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing. 

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Ph.d.-programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som til saman utgjer eitt semester. Sett under eitt, inneber det at 2,5 av fire år er sett av til arbeid med sjølve doktorgradsprosjektet. 

 Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Søkjar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad i filosofi. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som berre dokumenterer utanlandsk grad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og Det humanistiske fakultet sine retningsliner. 
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg. 

Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, samt ein framdriftsplan for prosjektet.

PhD-stillinga vil inngå i Forskningsgruppen for Praktisk Filosofi, og det foreslåtte prosjektet må være innanfor praktisk filosofi i vid forstand. Dette inkluderer moralfilosofi, politisk filosofi, sosialfilosofi, og rettsfilosofi, samt feministiske og ikkje-vestlige perspektiv innanfor desse områda.

Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Prosjektet må passe inn i forskingsgruppa for praktisk filosofi. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er. 

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø. 
  • Løn 540.500 kr. brutto per år i full stilling (kode 1017), tilsvarande lønssteg 55 i det statlege lønsregulativet. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse. 
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd). 
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. 

Søknaden skal innehalde: 

  • Prosjektskisse innanfor praktisk filosofi (inntil fem sider/12.000 teikn medrekna mellomrom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt osv.
  • Litteraturliste for prosjektskissa. 
  • Framdriftsplan for prosjektet. 
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. 
  • CV. 
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserar oppgåva sitt omfang i ECTS.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste). 
  • Eventuelle publikasjonar (inntil tre).
  • Relevante attestar. 
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her

Andre opplysningar:

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje. 

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling. 

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for filosofi og førstesemesterstudium, og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. 

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Søknadsfrist: 16.09.2024

UiB-id: 24/10455

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS