Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i biomatematikk og datavitskap

Søknadsfrist: 13.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Matematisk institutt (i samarbeid med Computational Biology Unit) er det ledig ei stilling som stipendiat i biomatematikk og datavitskap. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til ERC-prosjektet "EvoConBiO" .

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stillinga er ein del av et ERC-finansiert prosjekt "EvoConBiO" som bruker matematisk modellering og nye metodar for å sanke og utnytte biologiske data i stor skala, til å utforske grunnleggande spørsmål innan biologi og medisin.

Mitokondria og kloroplastar er cellulære "kraftstasjonar" som produserer energi i komplekse organismar. Desse livsviktige organellane var opphaveleg sjølvstendige organismar, som for milliardar av år sidan ble fanga opp av tidlege eukaryote. Kontinuerleg samarbeid og konflikt mellom desse organellane og deira "vertar" (inkludert oss) er eit lite utforska felt som står sentralt i biologi, men er også sentralt viktig i kampen mot dødelege, arvelege sjukdomar hos menneske (inkludert dei som blir behandla med banebrytande "three-parent baby” terapier). EvoConBiO bruker stokastisk modellering, nye verktøy for modellering og utleiing av evolusjonær dynamikk, og verktøy frå datavitskap til å forstå denne løpande dynamikken og implikasjonane for evolusjon og menneskeleg helse.

Stipendiaten vil (i) utvikle og bruke stokastiske modellar for å kaste nytt lys på organellpopulasjoners utvikling og dynamikk; (ii) utvikle nye måtar for å utnytte ulike datakjelder som kan underbygge desse modellane; og (iii) utvikle og bruke statistiske tilnærmingar til å kople saman desse modellane og dataene. Stipendiaten vil nyte godt av eit utprega tverrfagleg arbeidsmiljø, og vil arbeide saman med andre forskarar som tar for seg grunnleggande og anvendte biologiske spørsmål ved hjelp av modellering og datavitskaplege tilnærmingar. Opplæring i dei biologiske aspekta ved prosjektet, samt i modellering og statistikk, vil bli gjeven. Det finst også mogelegheiter for samarbeid med våre verdsleiande eksperimentelle kollegaer i Europa og USA.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i anvendt matematikk, fysikk eller et tilsvarande emne som involverer kvantitativ modellering, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå biologisk modellering og / eller arbeid med biologiske data er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Erfaring med informatisk "curation" av data - uthenting av brukbar informasjon frå rådatakjelder, for eksempel automatisert tekstutvinning eller bildeanalyse, er eit krav. Erfaring med å kombinere disse dataene med matematiske modeller er ein fordel.
  • Erfaring med bash pipelines og programmeringsspråk inkludert R, Python og C / C ++ er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskapar ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS