LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i berekningsorientert matematikk

Søknadsfrist: 06.11.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Matematisk institutt ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i berekningsorientert matematikk. Stillinga er knytt til prosjektet «Multiscale Pressure-Stress Impacts on fault integrity for multi-site regional CO2 storage hubs» (MuPSI). Prosjektet er del av EU-CET Partnership Joint Call 2023, TRI3 - CM2023-04 Carbon capture, utilization, and storage (CCUS). Prosjektet er leia av NORCE med Universitet i Bergen, Heriot-Watt University, Skotland, University of Delft, Nederland og Lawrence Berkeley National Lab, USA som akademiske partnarar.

Oppstart for stillinga er innan 1. februar 2025. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Eksisterande CCUS-prosjekt er organisert i klyngar for å maksimere injeksjon i regionale offshoreakviferar, og for å nå EU sine mål innan CO2-handtering. Denne tilnærminga er basert på «economy of scale», kor felles infrastruktur for mellom anna transport av CO2 er delt av industri med store CO2-utslepp. Lagringshubar rundt regionale akviferar med potensiale til å handtere giga-ton CO2 er under utvikling i Nordsjøen (til dømes Hordaplatformen eller Bunter Sandstone (UK)) og i Nord Amerika (Mexicogolfen). Klyngetilnærminga kan vere økonomisk attraktiv, samstundes er det viktig å identifisere og vurdere tekniske og kommersielle risikoar.

Hovudmålsetjinga med prosjektet er utvikle ei fullt integrert tilnærming for å vurdere geomekaniske risikoar for giga-ton lagring som koplar regionale-, prosjekt-, og geologiske forkastingsskalaer.

Phd-kandidaten vil ta del i utvikling, implementering og analyse av avanserte multi-skala simuleringsmetodar for geomekanikk. Metodane vil vere basert på splittingsteknikkar, områdedekomponering, og vil involvere ulike numeriske metodar.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i berekningsorientert matematikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 30. desember 2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Gode programmeringskunnskapar og erfaring med numerisk simulering av komplekse problem er eit krav
  • Ekspertise innan modellering og simulering av flyt i porøse medium, numeriske metodar for partielle differensiallikningar og numerisk analyse, er ein fordel
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 3 år.

Om forskarutdanninga

Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø 
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Magnus Larsen, Universitetet i Bergen, e-post: magnus.larsen@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS