LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i berekningsorientert matematikk

Søknadsfrist: 01.05.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i berekningsorientert matematikk

Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.- stipendiat i berekningsorientert matematikk. Stillinga er knytt til prosjektet «Expansion of ResourCes for CO2 Storage on the Horda Platform» (ExpReCCS). Prosjektet er eit Kompetanse- og Samarbeidsprosjekt (KSP) finansiert av Noregs Forskingsråd , Equinor, Wintershall DEA, Shell Norge. Prosjektet er leia av NORCE med Universitet i Bergen, Imperial College og RWTH Achen som akademiske partnarar. Prosjektet inngår i porteføljen under «CENTRE FOR SUSTAINABLE SUBSURFACE RESOURCES» (CSSR).

Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, og det er ynskjeleg at kandidaten som får stillinga skal ha minimum 6 månader opphald ved Imperial College.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Karbonfangst og lagring (CCS) er ein nøkkelteknologi i omstillinga til eit karbonnøytralt energisystem. Dei siste åra har teknologien modna og prosjekt på industriell skala, som Langskip og Northern Lights, er under utvikling. Gjennom Northern Lights prosjektet vil ein potensielt kunne injisere >50Mt CO2 per år i Hordaplattformen, ein geologisk formasjon vest av Bergen som består av mange kopla reservoar. Skal lagringsteknologien lykkast på denne skalaen må det utviklast ny metodikk for å styre og optimere ein portefølje av reservoar basert på avansert digital teknologi.

Eit hovudmål med prosjektet er å legge til rette for karbonlagring i Hordaplattformen ved å utvikle risikoreduserande aktivitet og porteføljestyringsstrategiar gjennom betre regionale simuleringsmodellar av kopla reservoar. I tillegg vil ein utvikle innovative metodar for vurdering av usikkerheit på systemnivå.

Ph.d.-studenten vil bidra til å utvikle, implementere og analysere simuleringsmetodar for styring av reservoar kopla av ein regional akvifer og/eller overflate infrastruktur for CO2-transport. Programvareutviklinga vil vere basert på open kjeldekode

I modellutviklinga skal ein kople reservoarspesifikk dynamiske modellar basert på informasjon frå brønnar og væskeeigenskaper med modellering av dynamikk på regional skala. Eit mål med prosjektet er å utvikle ny metodikk som er meir effektive og påliteleg enn det som er tilgjengeleg i dag.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i berekningsorientert matematikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 24.juni.2023. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå diskretiseringsmetodar for partielle differensiallikningar og gode programmeringsferdigheitar er eit krav.
  • Ekspertise innan modellering og simulering av strøyming i porøse medium, numerisk analyse, og anvend matematikk er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga:

  • UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. 

For stillinga gjeldt følgande

Samla stipendperiode er 3 år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanning

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 501 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 24.06.2023.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS