LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i automatisert katalysatoroppdaging

Søknadsfrist: 31.05.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Stipendiat i automatisert katalysatoroppdaging

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i automatisert katalysatoroppdaging. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Kjemisk institutt og er knytt til prosjektet Integrated Catalyst Discovery for Biotechnology (iCat4Bio), finansiert av Noregs forskingsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Det UiB-leia prosjektet iCat4Bio utviklar ein integrert plattform for katalysatoroppdaging som knyter saman reknebasert («de novo») molekylær design med robotisert og automatisert syntese, testing og datadriven tilbakekopling. Prosjektet byggjer direkte på UiB sine styrkar innan molekylær design og høgkapasitets-eksperimentering.

Ph.d.-stipendiaten vil, ved å nytte den nye NorHTE-infrastrukturen saman med kompetanse og ressursar tilgjengelege i iCat4Bio, utvikle avanserte automatiserte arbeidsflytar, inkludert lukka syklusar for oppdaging («closed-loop discovery»), for samansetjing og screening av katalysatorar. Stillinga er del av eit sterkt internasjonalt samarbeid og kan gje høve til kortare forskingsopphald hos utanlandske samarbeidspartnarar.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i kjemi. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.08.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må kunne dokumentere erfaring med:
    • syntese av organiske sambindingar, inkludert erfaring med fleirstegs reaksjonssekvensar.
    • syntese og/eller handtering av sambindingar under inert atmosfære (t.d. ved bruk av glovebox eller Schlenk‑linje).
  • Det er ein fordel å ha:
    • dokumentert erfaring med robotutstyr for høg gjennomstrøyming («high throughput») i kjemiske eksperiment.
    • dokumentert erfaring med homogen katalyse.
    • dokumentert erfaring med NMR‑spektroskopi.
    • dokumentert erfaring med andre analytiske teknikkar, som IR, MS, GC‑MS og røntgenkrystallografi.
    • gode ferdigheiter i eit skandinavisk språk.
  • Den som blir tilsett, må ha:
    • evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og til å samarbeide med andre.
    • gode kunnskapar i både skriftleg og munnleg engelsk.
    • syntese av organiske sambindingar, inkludert erfaring med fleirstegs reaksjonssekvensar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Ved behov vil UiB søkje om eksportlisens før tilbod om tilsetjing vert gitt. Dersom UiB ikkje har motteke positivt svar på søknad om eksportlisens innan 16 veker, kan stillinga verte tilbydd til ein annan søkjar.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiatStipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanningaSom ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Vidar Remi Jensen, Vidar.Jensen@uib.no (Kjemisk institutt), eller instituttleiar Magne O. Sydnes, Magne.Sydnes@uib.no (Kjemisk institutt).

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgivar Thea Thingnes, thea.thingnes@uib.no 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS