Stipendiat i arkeologi ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
Søknadsfrist: 17.03.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Stipendiatstillinga vil vere knytt til den tverrfaglege forskargruppa Middelalderhistorie – religion og hverdagslivsom har sitt fokus og interesseområde i kyrkjeorganisasjon, inkludert kloster og hospital, innafor ein tverrfagleg kontekst og eit variert kjeldemateriale. Sentralt er også religiøse praksisar i mellomalderen, og overgangen frå eit heidensk til eit kristent samfunn. Stipendiatstillinga vil vere spissa mot kristendommens materialitet og fysiske leivningar innafor det norske området, også med moglegheit for å studere materialet i ein større komparativ kontekst.
Vi søker ein arkeolog som ønsker å utvikle eit prosjekt knytt til eit eller fleire av dei følgande temaa:
Kristninga av Noreg og korleis dette har manifestert seg og påverka landskap og samfunn.
Dei materielle spora etter kyrkja/klostera/hospitala, og deira betyding i samfunnet, både lokalt og regionalt (bygningar, bygningsmateriale og andre fysiske spor, gravleggingar, dokument, og så vidare).
Religiøsitet og kvardagsliv i mellomalderen reflektert gjennom eit breitt kjeldemateriale.
Meir informasjon om prosjektsøknaden og relevante tematikkar som har prioritet i forskargruppa, kan ein få ved å kontakte forskar i arkeologi, Irene Baug: email: irene.baug@uib.no, tel: +47 55 58 80 20.
Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga
Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der 25 prosent av tida nyttast til anna, karrierefremjande arbeid knytt til undervising, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.
Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Ph.d.-programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som til saman utgjer eitt semester. Sett under eitt, inneber det at 2,5 av fire år er sett av til arbeid med sjølve doktorgradsprosjektet.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Søkjar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan arkeologi. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Søkjarar som berre dokumenterer utanlandsk grad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) og Det humanistiske fakultet sine retningsliner.
Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
Søkjar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.
Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, samt ein framdriftsplan for prosjektet.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.
Vi tilbyr
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Bruttoårsløn på kr 560 000 i full stilling (kode 1017). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.
Søknaden skal innehalde:
Prosjektskisse (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, kjeldemateriale, osv.
Litteraturliste for prosjektskissa.
Framdriftsplan for heile varigheita for prosjektet, inkludert tid til det karrierefremjande arbeidet og obligatorisk opplæringsdel.
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
CV.
Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer oppgåva sitt omfang i ECTS.
Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
Eventuelle publikasjonar (inntil tre).
Relevante attestar.
Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje.
Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Instituttleiar: Professor Teemu Ryymin, e-post: Teemu.Ryymin@uib.no, telefon: +47 55 58 38 79 eller
Leiar av forskargruppa: Professor i mellomalderhistorie, Kirsi Salonen: email: kirsi.salonen@uib.no, tel: +47 55 58 23 12
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.