LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i arkeologi - SapienCE, Centre for Early Sapiens Behaviour (littisk teknologi)

Søknadsfrist: 28.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

The Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE), eit senter for framifrå forsking (SFF) ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap ved Universitetet i Bergen, lyser ut ei stipendiatstilling innan littisk teknologi knytt til mellomsteinalderen (Middle Stone Age) i det sørlege Afrika.

Om SFF-ordninga og SapienCE

SFF-ordninga, finansiert av Norges forskningsråd, gir dei beste forskarane i Noreg høve til å etablere forskingssenter med sikte på å nå særs ambisiøse forskingsmål innanfor ein avgrensa tidsperiode. Fokuset for desse sentra er framifrå kvalitet og langsiktig forskingsinnsats på høgste internasjonale nivå.

SapienCE senter for framifrå forsking (SFF) fokuserer på opphavet til åtferda av Homo sapiens i det sørlege Afrika mellom 120,000-50,000 år sidan. Kjerneforskinga ved senteret vert leia av ei leiargruppe beståande av fem forskingsleiarar og senterdirektøren. Vårt tverrfaglege team av forskarar ved UiB og ved fasilitetane til våre nasjonale og internasjonale partnarar integrerer nøyaktige nedteikningar av tidleg menneskeleg kulturell, sosial, teknologisk og ressursbasert åtferd med innovative geoarkeologiske, klimabaserte og kognitive modellar og data. Denne heilskaplege tilnærminga gir banebrytande innsikt i dei ulike aspekta ved kva det vil seie å være menneske.

Om stipendiatstillinga:

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendiatperiode er 3 år.

Søkjaren er forventa å skrive ei ph.d.-avhandling relatert til eit tverrfagleg perspektiv på littisk teknologi frå kulturlag datert til mellom kring 77 000 og 90 000 år sidan henta ut frå SapienCE sine mellomsteinalderlokalitetar i Sør-Afrika. Denne perioden predaterer Still Bay-teknokomplekset og ein manglar kunnskap om perioden, særskild i samband med overgangen frå den føregåande MSA II/Mossel Bay-perioden til Still Bay-teknokomplekset.

Det prosjektet bør utvikle innovative metodar for laboratorieanalyse av littisk materiale i samarbeid med våre hovudforskarar, professor Sarah Wurz, University of Witwatersrand, Sør-Afrika, og professor Christopher Henshilwood, Universitetet i Bergen.Ph.d.-prosjektet bør inkludere eit detaljert littisk teknologi-studie (til dømes inkludert ei analyse av chaîne opératoire og littisk samanføying) og mikroskopbaserte undersøkingar av utvalde material i tillegg til korrelasjon med særskilde våpensystem og deira bruk, som kan observerast frå morfologi, kantslitasje og makrofrakturar i det littiske materialet.

Søkjaren er forventa å delta i arkeologisk feltarbeid og laboratorieanalysar i Sør Afrika når det er relevant og nødvendig for ph.d.-prosjektet. Dei littiske materialsamlingane er lokalisert i Sør-Afrika.

Søkjaren skal aktivt delta i SapienCE si forskargruppe som er basert ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap i Bergen.

Varigheita for stipendiatstillinga er 3 år. Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i ei rekrutteringsstilling hjå andre institusjonar. Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen kan ikkje søkje.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin faste arbeidsplass ved Universitetet i Bergen på SapienCE sine kontor, og at ein rettar seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Den primære forskinga skal utførast ved SapienCE sine lokaler ved Universitetet i Bergen under rettleiing av våre forskingsleiarar.

I tillegg vil anna ph.d.-relatert forsking og opplæring skje i Sør-Afrika og ved University of Bordeaux. SapienCE tilbyr òg framifrå fasilitetar for avansert analyse av arkeologisk materiale i Bergen, Cape Town, og ved våre internasjonale partnarinstitusjonar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarens masteroppgåve må ha et omfang på minimum 30 studiepoeng (ECTS).
  • Søkjaren må som hovudregel ha karakteren B eller betre på masteroppgåva.
  • Søkjarar må ha femårig norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan arkeologi eller ein nærliggande fagdisiplin.
  • Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Det er ein føresetnad for tilsetting at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut.
  • Erfaring frå laboratorie- og feltarbeid knytt til sørafrikanske mellomsteinalderlokalitetar er ein fordel.
  • Tidlegare opplæring i og erfaring med arkeologisk littisk analyse er ein fordel.
  • Svært gode skriftlege og munnlege kommunikasjonseigenskapar i engelsk er eit krav.
  • Kandidaten må vise eit sterkt engasjement for vitskapleg forsking, kunne arbeide sjølvstendig, strukturert, interaktivt i team, vere ansvarleg og ha høg arbeidskapasitet.

Søkjarar vil også bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil senterets fagstrategiske omsyn, søkjaren sin motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er verte vektlagt.

Om forskarutdanninga:

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, krav til årleg framdriftsrapportering og godkjent midtvegsevaluering. Trykk her for meir informasjon om innhaldet og krava i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultetet.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn tilsvarande lønssteg 54 (kode 1017) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 500 800 brutto i full stilling før skatt. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du:

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGA». Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. I tillegg må dette følgje søknaden:

  • Prosjektomtale på inntil 5 sider, ikkje medrekna litteraturliste. Prosjektomtalen skal innehalde:
    • Eit kort samandrag (abstract) som skisserer prosjektet.
    • Forskingsbakgrunn. Korleis plasserer prosjektet seg i denne, og korleis vil det tilføre ny kunnskap?
    • Hovudmålsettingar, forskingsspørsmål og eventuelt hypotesar.
    • Teoretisk tilnærming, empirisk materiale og metodologi.
    • Ein godt utarbeida framdriftsplan for prosjektet.
    • Litteraturliste.
  • Søkjars CV.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • Eit kort samandrag av hovudfagsoppgåva/masteroppgåva (inntil 3 sider). Dersom du ikkje har norsk mastergrad, kan du bli beden om sende inn heile masteroppgåva.
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad som viser at du har fullført relevant utdanning. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserar oppgåva sitt omfang i ECTS.
  • Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar.

Omsette vitnemål og vitskaplege arbeid må vere instituttet i hende innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format. Dersom søkjaren sine originale vitnemål, karakterutskrifter og attester ikkje er skrivne ut på engelsk, norsk, svensk eller dansk, må søkjar legge ved autoriserte omsettingar til eit av språka nemnt over.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stipendiatstillingane kan ein få ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS