LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i anvendt økologi

Søknadsfrist: 31.01.2025

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i anvendt økologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til forskingsprosjektet ECOBUDGETS: Actionable budgets for sustainable climate and nature governance, finansiert av Norges Forskningsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

ECOBUDGETS ser på korleis ei budsjett-tilnærming til arealforvaltning kan føre til politiske avgjerder som tek omsyn til nasjonale og lokale mål for natur og klima. Fleire kommunar utviklar no metodar og verktøy for å bruke kartbaserte tilnærmingar i arealforvaltninga, gjennom til dømes naturregnskap og klimabudsjettering. Bergen kommune og Vestland Fylkeskommune, partnarar i prosjektet, er langt framme på dette feltet. I prosjektet skal vi samarbeide med dei for å forstå korleis areal-, klima- og naturbudsjettering kan fungere i praksis, og korleis desse verktøya kan samordnast og utviklast til betre reiskap for avgjerder. 

Stipendiaten skal bidra til arbeidspakke 3 og 5 i ECOBUDGETS, med oppgåver innan dei naturvitskaplege aspekta av prosjektet. Viktige arbeidsoppgåver er knytt til nedskalering og kvalitetskontroll av modellerte naturkartdata, feltarbeid for innsamling av data på bakkesannheiter, arbeid med modellerte og fjernmålte kart av arealkategoriar, naturtypar, artar, naturgode, og naturverdiar. Vidare vil stipendiaten arbeide tverrfagleg og med brukarpartnarane om å samprodusere handlingsorienterte areal-, klima- og naturbudsjett.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i kvantitativ økologi, GIS/fjernmåling, eller tilsvarande fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan relevante romlege kvantitative analysemetodar er eit krav.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan plante- eller vegetasjonsøkologi, samt kjennskap til norske eller nordiske artar eller naturtypar er eit krav.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan arbeid med Natur i Norge (NiN), vegetasjonskartlegging, bevarings- eller restaureringsøkologi, økosystemfunksjonar, økosystemtenester, eller naturregnskap er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne delta i økologisk feltarbeid.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, ha gode samarbeidsevner og kunne planlegge og lede andre, til dømes i feltarbeid.
  • Søkjarar må ha interesse for tverrfagleg og anvendt forsking.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Søkjarar må beherske norsk/nordiske språk grunnet arbeid med norskspråklege datakjelder, etatar og organisasjonar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga: 

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

 Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje denne stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til norsk- og engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Vigdis Vandvik, Institutt for biovitskap, +47 4730 2794 (Vigdis.Vandvik@uib.no), 
  • Forskar Joachim Töpper, NINA, +47 4028 4633, eller 
  • Forskar Liv Guri Velle, NIBIO +47 9977 1177

For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med rådgjevar Magnus Larsen, Magnus.Larsen@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS