Stipendiat i anvendt og utrekningsorientert matematikk
Søknadsfrist: 04.06.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Stipendiat i anvendt og utrekningsorientert matematikk
Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i anvendt og utrekningsorientert matematikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er del av prosjektet DifFracS, finansiert av Noregs forskingsråd, og er knytt til forskingsgruppa for porøse medier ved Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Undergrunnsoperasjonar er sterkt påverka av sprekkar og forkastingar, som kan bli deformerte og forlenga under operasjonen. DifFracS har som hovudmål å forbetre simulering av undergrunnsprosessar der sprekkar vert danna og forlenga. Hovudmålet er å utvikle og implementere simuleringsverktøy baserte på ei formulering av sprekkdeformasjon som er eigna for derivasjon. Det sekundære målet er simulering av to- og tredimensjonale multifysiske problem med sprekkforplanting, der vi undersøker ulike regime for termiske spenningar og væsketrykk, samt forplanting, samansmelting, forgreining og nukleering av sprekkar.
Den tilsette kandidaten vil hovudsakleg bidra til hovudmålet om å utleie ei fullt deriverbar problemformulering for sprekkforplanting i multifysikksystem og utvikle tilsvarande algoritmar baserte på automatisk derivasjon. Algoritmane vil verte implementerte som utvidingar av funksjonaliteten for simulering av sprekkdeformasjon i simuleringsverktøykassa PorePy. Kandidaten vil òg ta i bruk den nye funksjonaliteten for å utforske sprekkforplanting under ulike undergrunnstilhøve.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i anvendt og utrekningsorientert matematikk, vitskapleg databehandling, berekningsfysikk eller utrekningsorientert geovitskap. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 30.09.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
Erfaring med numeriske metodar for partielle differensiallikningar er eit krav.
Erfaring med matematisk modellering av sprekkforplanting eller multifysikksystem er ein fordel.
Erfaring med samarbeid om kodeutvikling og/eller utvikling av open kjeldekode er ein fordel.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
lLøn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700 Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
liste over eventuelle vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: forskar Ivar Stefansson, Matematisk institutt, Universitet i Bergen, e-post: ivar.stefansson@uib.no, telefonnummer: +47 458 72 857 eller instituttleder Antonella Zanna Munthe-Kaas, e-post: antonella.zanna@uib.no, telefonnummer: +47 555 84 857.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Karoline Christiansen på telefon 55 58 47 70 eller e-post karoline.christiansen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)