Stipendiat i anvendt og utrekningsorientert matematikk
Søknadsfrist: 30.04.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Matematisk institutt ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i anvendt og utrekningsorientert matematikk, spesifikt innan forskingsfeltet fluidmekanikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Prosjektet er innan grunnleggjande fluidmekanikk, og best eigna for ein kandidat med bakgrunn i grunnleggjande (snarare enn industrielle) emnar i anvendt matematikk, oseanografi eller maskinteknikk (kyst/hav). Prosjektet omhandlar den fysikkorienterte teoretiske/numeriske modelleringa av eit komplekst system; til dømes koplinga mellom ikkje-lineære overflatebølgjer og skjerstraumar, eller interaksjon med væske og struktur (til dømes flytande is, mikroplast eller neste generasjon offshore vindturbinar). Kva for ein spesifikk prosjektoppgåve vil avhenga av kandidatens kvalifikasjonar og interesser, og blir avgjort saman med rettleiar. Metodikken for det spesifikke temaet vil vera ei blanding av teoretisk arbeid og numerisk modellering, sjå Li (2023, J. Fluid Mech., Vol.960, A33), Xin et al. (Coast. Eng., Vol.183, 104304), eller Li & Chabchoub (2024, Geophys. Res. Lett., 10.1029/2023GL107381).
Den vellykka kandidaten vil vera ein del av eit breiare forskarteam som fokuserer på det overordna fagfeltet fluidmekanikk. Forskingsgruppa er internasjonalt anerkjent med eit prominent team av forskarar frå mange greiner innan fluidmekanikk. Kandidaten vil vera ein del av eit levande vitskapleg miljø.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i anvendt matematikk, oseanografi, mekanikk, marin teknologi, kyst/offshore siv.ing. eller liknande. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.07.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
Solid bakgrunn i mekanikk, fysikk og matematikk er eit krav
Dokumentert erfaring (til dømes prosjekt i et emne eller oppgåve i forbindelse med master) som demonstrerer en solid programmeringerfaring i MATLAB, Python, C++ eller liknande, er eit krav
Erfaring med overflatebølgjer, turbulent straumdrag, fleirskala straumdragsprosessar, eller modellering for væske- og strukturinteraksjon er ein føremon
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjon for å søkja stillinga, inkludert kva for nokre av temaa som er mest relevant for søkjaren, og kvifor (til dømes erfaring og kva som kvalifiserer dei meir spesifikt)
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
CV
karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 31.07.2024
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Magnus Larsen, Universitetet i Bergen, e-post: magnus.larsen@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.