Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat i anvend matematikk

Søknadsfrist: 01.04.2020

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Matematisk institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i anvend matematikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, med 25% beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til prosjektet FACTS - Fluxes and Fate of Microplastics in Northern European Waters, med oppstart 1. april 2020.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

FACTS er eit JPI Oceans-finansiert prosjekt, koordinert av Aalborg University i Danmark, med partnarar frå mange europeiske land. Prosjektet har som mål å skape ny kunnskap og betre vår forståing av kjelder, transport, førekomst og skjebne til mikroplast (MP) i nordlege havområde. For å oppnå dette vil FACTS kombinere avanserte analyse-, overvakings- og modelleringsmetodar for å beskrive transport og geografiske kjelder til forureining av mikroplast frå det tempererte vatnet i den sørlege Nordsjøen til det arktiske vatnet i Barentshavet. FACTS vil og studere transport av mikroplast i eit halvt lukka fjordsystem. Målet er å ta opp spørsmålet om korleis MP beveger seg horisontalt og vertikalt i vassøyla over tid under godt definerte hydrodynamiske forhold.

Ph.d.-kandidaten vil jobbe med fjordstudiet som vil fokusere på Byfjorden utanfor Bergen. Målet er å byggje eit rammeverk for prosedyrar for å byggje strømstatistikk, basert på simuleringar med havmodellar og in-situ data, og bruke denne statistikken i eit Monte Carlo-rammeverk med forenkla transportmodeller. Formålet er å finne potensielle opphopningssoner som kan bidra til å utforme måleprogram.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i anvend matematikk, statistikk, fysikk eller oseanografi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Solid bakgrunn i matematiske emne som lineære algebra, numeriske metodar og differensiallikningar er eit krav.
  • Erfaring i programmering, eksempelvis Python, R eller Matlab, er eit krav.
  • Erfaring i bruk av numeriske simuleringsverktøy i fluidmekanikk er ein føremon.
  • Bakgrunn i statistikk, data analyse, sannsynsrekning og risikoanalyse er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan to månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 479 600,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • Relevante attestar
  • Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS