LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i akustikk – SFI Smart Ocean

Søknadsfrist: 24.03.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Stipendiat i akustikk – SFI Smart Ocean

Ved Institutt for fysikk og teknologi, er det ledig ei stilling som stipendiat i akustikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med moglegheit for eit fjerde år med karrierefremjande arbeid (til dømes undervisning ved instituttet). Ønska startdato er 01. august 2026. Stillinga er finansiert av UiB som ein del av SFI Smart Ocean, eit senter for forskingsbasert innovasjon. Stipendiaten vil samarbeide tett med senteret, med hovudrettleiar ved UiB og medrettleiar frå ein industripartnar.

Om SFI Smart OceanSFI Smart Ocean er eit senter for forskingsbasert innovasjon, leia av Universitetet i Bergen og finansiert av Noregs forskingsråd og partnarane. Senteret har som mål å utvikle eit trådlaust observasjonssystem for fleirparameter-overvaking av undervassmiljø og marine installasjonar. Systemet skal vere fleksibelt, distribuert, robust, energieffektivt, kostnadseffektivt og trygt, og handtere store datamengder. Akustiske teknologiar er sentralt både for sensorutvikling og undervasskommunikasjon, og er difor inkludert i fleire av senteraktivitetane.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Ph.d.-prosjektet har arbeidstittelen "Methods for Wideband Active Acoustic Monitoring". Dette er ei god moglegheit til å arbeide med akustikk og signalanalyse i forskingsfronten, med kort veg til industriell bruk og samarbeid med industripartnarar.

Breibands-akustiske metodar kan brukast på fleire område innan undervassakustikk og industriell måleteknologi, som til dømes:

  • deteksjon av forureining (t.d. gass- og oljelekkasjar)
  • situasjonsforståing i undervassoperasjonar
  • fiskeriakustikk og observasjon av marine økosystem
  • kartlegging av havbotnen
  • kommunikasjon og karakterisering av akustiske kommunikasjonskanalar
  • straummåling ved Doppler-effekt

SFI Smart Ocean har verdsleiande industripartnarar innan fleire av desse felta. Ph.d.-prosjektet er ein integrert del av senteraktivitetane, med fokus på marin aktiv akustisk overvaking og måleteknikk. Prosjektet vil kartleggje status for breibandssignalanalyse og identifisere nye moglegheiter i dialog med rettleiarar og partnarar. Prosjektet vil utføre grunnleggande forsking som støttar opp om teknologiutvikling i partnarbedrifter. Arbeidet vil omfatte bruk av matematiske, numeriske og eksperimentelle metodar.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Krav:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysikk eller anna relevant fagfelt. Det er ein fordel med mastergrad innan akustikk, marin måleteknologi eller signalhandsaming. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.08.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Dokumentert utdanning eller arbeidserfaring innan alle dei følgjande tema er eit krav:
    • Fullført minimum 10 studiepoeng i akustikk på universitetsnivå (inkludert ultralyd og marin akustikk), eller tilsvarande bakgrunn som er relevant for prosjektet.
    • Eksperimentelt arbeid, inkludert innsamling og handsaming av akustiske, elektromagnetiske eller elektriske signal.
    • Programmering
  • Søkjarar må vere førebudd på å delta på datainnsamling og feltarbeid offshore.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Fordelar:

  • Dokumentert utdanning eller arbeidserfaring innan dei følgande områda:
    • numerisk modellering i akustikk
    • programmering i Python og MATLAB
    • signalanalyse, sonardataanalyse, digital signalhandsaming
    • vitskapleg skriving og publisering

Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensiale blir òg vurdert i rangeringa av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga:UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll, og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til denne stillinga. Ved behov vil UiB søkje om eksportlisens før tilbod om tilsetjing vert gitt. Dersom UiB ikkje har motteke positivt svar på søknad om eksportlisens innan 16 veker, kan stillinga verte tilbydd til ein annan søkjar.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat:

Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil eitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanningaSom ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • Ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
  • Relevante attestar
  • Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Institutt for fysikk og teknologi ved førsteamanuensis Audun Oppedal Pedersen (hovudrettleiar), tlf. +47 55 58 27 85, e-post audun.pedersen@uib.no

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Vivian Jacobsen, vivian.jacobsen@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Audun Oppedal Pedersen (førsteamanuensis), +47 55 58 27 85, audun.pedersen@uib.no
Powered by Labrador CMS