LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i akustikk - Senter for forskingsdriven innovasjon

Søknadsfrist: 01.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i akustikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi (IFT), Universitetet i Bergen (UiB), er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i akustikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år med tilsetting frå 1. september 2021.

Stillinga er bevillingsfinansiert av UiB under SFI Smart Ocean - Senter for forskingsdriven innovasjon, med UiB/IFT som vertsinstitusjon.

Vi tilbyr ei mogelegheit til å delta i ei av dei leiande forskings- og innovasjonsklyngene innan marin instrumentering og operasjonar, i ei utfordrande og spanande tid for marint liv, miljø og observasjonsteknologiar. I eit konsortium av omlag 20 forskings-, industri- og offentlege partnarar fokuserer SFI Smart Ocean på fleksible og kost-effektive løysingar for overvaking og regulering av produktive og berekraftige sjø- og havområde.

Ph.d.-kandidaten vil arbeide i forskingsgruppa innan akustikk ved UiB/IFT som bygger på 55 års forsking innan eksperimentell, teoretisk og numerisk akustikk og for tida utgjer 27 personar (fast tilsette og emeriti, postdoktor, ph.d.- og mastergradsstudentar). Gruppa fokuserer på grunnforsking og samarbeider med eksterne partnarar innan applikasjonar, med aktive forskingsfelt som spenner over eit breitt område (eksempelvis elastiske bølgjeleiarar, ultralyd fiskal strømningsmåling av olje og gass, marin/fiskeri-akustikk, distribuert fiber-akustisk sensorteknologi, og material/væske-karakterisering).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Dei sameinte nasjonane har initiert eit vitskapstiår med fokus på berekraftig utvikling av hav og marine miljø. Dette inkluderer nye metodar for monitorering av marine miljø og konstruksjonar. Ph.d.-prosjektet er del av det nye SFI Smart Ocean. Det overordna målet for senteret er å etablere eit trådlaust observasjonssystem for multiparameter-monitorering av undervassmiljø og -installasjonar, basert på eit fleksibelt og autonomt nettverk av smarte sensorar.

Ph.d.-kandidaten vil arbeide med metodar for distribuert "structural health monitoring" (SHM) av offshore installasjonar ved bruk av ultralyd. Eksempel på relevante offshore strukturar inkluderer havvindsturbinar og røyrleidningar. I Ph.d-arbeidet vil potensialet for "guided-ultrasonic-wave" (GUW) - metodikk bli utforska i forhold til distribuert SHM på havvindsvindturbin-strukturar. Når slike installasjonar blir utsett for sterke sykliske vindlaster, kan alvorlege spenningsbelastningar oppstå. Over tid kan desse representere faremoment for integriteten i strukturen, som treng å bli overvaka. Potensialet for GUW til å dekke større avstandar/areal i forhold til meir lokale "punktmålingar", vil bli utforska. Ph.d.-arbeidet vil omfatte laboratorieeksperiment kombinert med matematisk-numerisk modellering av akustisk bølgjeforplantning i relevante strukturar (t.d. ved bruk av endeleg-element-modellering), for optimalisering, testing og djupare forståing.

Ph.d.-arbeidet vil bli gjennomført i eit samarbeid med partnarane til senteret, med bi-rettleiing ved TSC Subsea og NORCE. Kandidaten blir forventa å delta i rettleiing av mastergradsstudentar i akustikk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysikk eller tilsvarande disiplin, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå matematisk og numerisk modellering i fysikk eller tilsvarande disiplin er eit krav.
  • Gode kvalifikasjonar innan målefysisk laboratoriearbeid som involverer innsamling og prosessering av elektroniske signal, er eit krav.
  • Gode kvalifikasjonar innan programmering er eit krav, t.d. ved bruk av MATLAB.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelsk-kunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område er ein fordel:

  • Gode kunnskapar i akustikk (fortrinnsvis ultralyd).
  • Gode kunnskapar innan ultralyd laboratoriemålingar og/eller feltmålingar.
  • Gode kunnskapar i numerisk modellering innan akustikk.
  • Erfaring frå endeleg-element-modellering av akustisk bølgjeforplantning i faste stoff og væskemedia (utvikling, bruk, eller begge deler), t.d. ved bruk av COMSOL Multiphysics.
  • Erfaring frå "structural health monitoring" (SHM) og/eller "guided ultrasonic waves" (GUW).
  • Gode kunnskapar innan digital signalbehandling.
  • Gode norskkunnskapar.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr. 482 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt pr. epost vil ikkje bli evaluerte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Per Lunde, Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen, e-post: per.lunde@uib.no, tlf. +47 99493901

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket kan gjelde ved behandling av søknadar til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS