Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Det psykologiske fakultet er det ledig ei stipendiatstilling som vil kunne gje dobbelkompetanseutdanning i psykologi. Stillinga har ein samla åremålsperiode på inntil sju år og vert finansiert av Universitetet i Bergen i samarbeid med Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU), Helse Bergen HF.
Den utlyste stipendiatstillinga vil vere knytt til eit forskingsprosjekt på behandling av søvn, døgnrytme og emosjonsregulering hjå ungdommar med ADHD.
Om stillinga som dobbelkompetansestipendiat:
Denne stillinga gjev eit unikt høve til å kombinere ph.d.-utdanning og spesialistutdanning. Dobbelkompetanse vil i denne samanhengen tyda dokumentert forskingskompetanse (avlagt ph.d.-grad) og spesialistkompetanse (spesialisering godkjent av Norsk Psykologforening).
Stillinga er samansett av to sjølvstendige delar, som kan kombinerast etter avtale. Stipendiatperioden er på til saman 3 år og spesialistkandidatperioden er på inntil 4 år. Tilsetjing i stipendiatstilling skjer med Det psykologiske fakultet som arbeidsgjevar, medan tilsetjing som psykolog i spesialistkandidatstilling ved denne utlysinga skjer med Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU), Helse Bergen HF som arbeidsgjevar. Finansieringa av spesialistdelen av stillingane er forankra i ein regional samarbeidsavtale mellom fakultetet og helseføretaket.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må på søknadstidspunktet vere cand. psychol. eller ha ei tilsvarande utdanning som gjev autorisasjon som psykolog i Norge.
Søkjaren må normalt ha bestått profesjonsstudiet med særs godt resultat eller kunne dokumentera tilsvarande nivå gjennom seinare forskingsarbeid og i prosjektskildringa
Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på hovud-/masteroppgåva ved opptak til ph.d.-utdanninga
Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
Søkjaren må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg
Søkjaren må ha gode norskkunnskapar
Personlege eigenskapar vil verta vektlagde. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane
For stillinga gjeld følgande:
Om stipendiatstillinga og ph.d.-utdanninga:
Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga vil du også verte vurdert i høve til krava for opptak til ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet. Nærare om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet her.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Prosjektskildringa skal ha ei klar forankring i klinisk psykologi og vera knytt til forskingsmiljø ved Det psykologiske fakultet. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet seinast tre månader etter at du har teke til i stillinga.
Om spesialistutdanninga:
Det er særleg spesialiteten i klinisk psykologi som er aktuell for denne stillinga, og spesialistutdanninga skjer ved Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU), Helse Bergen HF. Praksiskrava til spesialiseringa vil vere gjeldande, og helseføretaket vil leggja til rette for rotering til naudsynt praksis. Spesialiseringskurs og rettleiing vil vere dekka av helseføretaket.
Det skal leggjast fram ein plan for spesialistutdanninga som presiserer kva for spesialitet/fordjupningsområde som er siktemålet, samt ein tentativ plan for fordeling av tid som ph.d.-stipendiat og som spesialistkandidat for heile utdanningsløpet (7 år). Planen for spesialistutdanninga skal vurderast av Norsk Psykologforening etter tilsetjing. Løn som spesialistkandidat vert avtalt særskilt med helseføretaket. Om søkjarar har byrja på spesialistopplæringa, kan samla åremålsperiode verte redusert tilsvarande.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Stillinga gjev automatisk lønsutvikling i inntil fire år med 3% årleg stiging.
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
Kort kunnskapsoppsummering på forholdet mellom ADHD og søvn, eller mellom ADHD og emosjonsregulering, blant unge (maks. 4 sider inkl. referanseliste)
Tilråding frå forskingsgruppeleiar og ph.d.-rettleiar ved UiB, og frå helseføretaket
Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
CV
Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning)
Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjarar må i tillegg legge ved HK-dir (eller NOKUT) si generelle godkjenning av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at dette kan ta noko tid og at søknad om vurdering bør sendast så snart du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Nokon utdanningar frå utvalde land er automatisk godkjent. Sjekk denne sida for kva utdanningar det gjeld og for å laste ned stadfesting på dette: Automatisk godkjenning – et raskere alternativ | HK-dir (hkdir.no)
Relevante attestar, inklusiv oppnådd autorisasjon som psykologi i Norge
Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
Eventuelle publikasjonar
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurderte med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.
Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden
Generell informasjon:
Opplysningar om aktuelt forskingsprosjekt kan ein få ved å venda seg til:
Professor Lin Sørensen, Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, 55586207, Lin.Sorensen@uib.no eller
Professor Elisabeth Flo-Groeneboom, Institutt for klinisk psykologi, 55588885, Elisabeth.Flo@uib.no
Utfyllande opplysningar om dobbelkompetanseprogrammet kan ein få ved å vende seg til Det psykologiske fakultet ved:
For opplysningar om spesialistutdanninga og forsking i helseføretaket kan ein vende seg til:
Klinikkdirektør Liv Kleve ved Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, Helse Bergen, 55974499, liv.kleve@helse-bergen.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.