LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat - berekraftig arealforvaltning

Søknadsfrist: 06.01.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat - berekraftig arealforvaltning

Vi ønskjer deg velkommen som søkar til ei stilling som stipendiat ved Institutt for politikk og forvaltning. Stipendiaten skal produsere kunnskap om problem knytt til naturmangfald og arealforvaltning i Norge, som skal leie fram til ein doktorgrad (Ph. D.) i statsvitskap. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Stipendiaten vil vere knytt til Centre for Sustainable Area Management (CeSAM) ved Universitetet i Bergen, og vil bli rettleia av eit tverrfagleg team knytt til Institutt for politikk og forvaltning, Institutt for biovitskap og Kjernefasilitet for digital samfunnsvitskap (DIGSSCORE). Det vil og være mogleg å knytte seg til fagmiljøet ved Senter for klima og energiomstilling (CET).

Nasjonal og internasjonal forsking peiker på at klimakrisa og naturkrisa må møtast med gjennomgripande endringar i politikk, næringsliv og samfunn. Medan energisystemet ligg i kjernen av klimapolitikken, er det spesielt arealforvaltninga som truar naturmangfald og naturgode. Dei to politikkområda har mange målkonfliktar - intakt natur er naudsynt for å møte og bøte på klimaendringane, men fornybarsamfunnet krev areal og ressursar. Konfliktane er også skalaavhengige - problemet er globalt, mens mange av prosessane og avgjerdene som er årsak til tapet av natur skjer lokalt.

Sjølv om stadig fleir blir kjende med klima- og naturkrisa, er arealplanprosessar ofte prega av interessemotsetnader der omsyn til natur settast opp mot næringsutvikling og anna samfunnsutvikling. Ei betre forståing av korleis vi forvaltar areal og naturmangfald er viktig for å oppfylle Norges miljømål.

Vi forventar at kandidaten bruker den nasjonale infrastrukturen KODEM (Koordinerte onlinepanel for forsking på demokrati og styresett), som er del av DIGSSCORE og inkluderer eit forvaltningspanel, eit medborgarpanel og eit politikarpanel. KODEM gjer det mogleg for forskarar å stille dei same spørsmåla i desse tre gruppene på same tid. Dette kan og supplerast med både kvalitative og kvantitative data på kommunenivå. Det vil og kunne vere aktuelt å sjå dette i eit komparativt søkjelys med døme frå utanfor Noregs grenser.

Kontorplass vil vere ved Institutt for politikk og forvaltning.

Krav til søkjaren:

  • Mastergrad, eller motsvarande utdanning frå utlandet innan statsvitskap eller eit anna relevant samfunnsvitskapleg fag. Graden må vere avlagt før fristen for søknaden.
  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, både på masteroppgåva og for mastergraden i heilskap.
  • Ferdigheiter i kvantitativ dataanalyse er naudsynt, og erfaring med bruk av statistisk programvare som f.eks. R eller Stata er ønskjeleg.
  • Kandidaten må ha gode kunnskapar i norsk. Kompetanse i skriftleg og munnleg engelsk er også ønskjeleg.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Gode evner til sjølvstendig og systematisk arbeid

Aktuelle kandidatar vil verte invitert til intervju.

Om ph.d -utdanninga:

Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.

Det er forventa at den som mottek stillinga bur og arbeider i Bergensområdet i prosjektperioden og deltar aktivt i felles aktivitetar på instituttet og ved CeSAM-senteret. Stipendiatperioden skal føre frem til ein doktorgrad i statsvitskap.

Vi tilbyr:

  • Løn som stipendiat (st.kode 1017) kr. 501200,- brutto. Automatisk lønsutvikling for opptil 4 år med 3% årleg stiging.
  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Prosjektet:

Ei kortfatta prosjektskildring (5-8 sider) skal ligge føre saman med søknaden. Prosjektskildringa skal gjere greie for tema, problemstilling(ar) og val av teori og metode. Skildringa skal innehalde eit forslag til framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil prosjektskildringa vere grunnlaget for opptak til ph.d.-utdanninga. Prosjektskildringa bør også innehalde forslag til korleis du ser føre deg at doktorgradsprosjektet passar innafor rammene av dei beskrivne arbeidsoppgåva og forskinga ved CeSAM.

Søknaden skal innehalde:

  • En kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Prosjektskildring (5-8 sider)
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar
  • Eventuell liste over vitskapleg arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar
  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte beden om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknadsfrist: 06.01.23.

Søknaden må merkes: 2022/17203

Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurdert. Berre vedlagte dokument vil verte lagt til grunn for vurdering.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

  • Førsteamanuensis Endre Tvinnereim (Institutt for politikk og forvaltning), e-post: Endre.Tvinnereim@uib.no, tlf.: +47 47456166

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR-rådgiver Gudrun Horvei, epost: gudrun.horvei@uib.no

Den som blir tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettes til HR-rådgjever: Hanne.Gravermoen@uib.no.

Undervisningsspråket er til vanlig norsk, men noko av undervisninga blir og gjeven på engelsk.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS