LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat (4 år) ved Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 01.01.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, Seksjon for nefrologi og urologi, er det ledig ei åremålsstilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

Stillinga er knytt til det pågåande NFR-prosjektet (2023-2028) "Single Cell Data-derived European Study for Personalised Management of Chronic Kidney Disease (CKD) in Children and Adolescents" og er finansiert av Universitetet i Bergen.

Den som får stillinga, vil verte ein del av nyreforskingsgruppa. Nyreforskingsgruppa arbeider med avansert teknologi, hovudsakleg innan kroniske nyresjukdommar. Forventa startdato kan verte forhandla, men ikkje seinare enn hausten 2024.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Bakgrunn: Minimal-change disease (MCD) er ein nyresjukdom som primært påverkar glomerulære podocytter. MCD representerer den hyppigaste kroniske nyresjukdommen (CKD) hos barn og ungdom. Konvensjonell behandling inneber steroid. Likevel kan barn og ungdom med MCD verte primært eller sekundært resistente mot steroid.

Hovudmål: Tilpasse handteringa av MCD ved å identifisere podocyttmarkørar for å supplere den diagnostiske nyrebiopsien med økt prognostisk verdi og deretter føreseie behandlingsrespons på ein ikkje ikkje-invasiv måte.

Spesifikke mål: 1. Identifisere prognostiske MCD-markørar gjennom enkeltcelle podocytt-RNA-sekvensering og proteomikk frå nyrebiopsier frå Norsk Nyrebiopsiregister med validering i eksterne kohortar frå Storbritannia og Sverige. 2. Påvise identifiserte nyrebiopsi-avleidde markørar i blodprøver frå norske, britiske og svenske MCD-kohortar. 3. Anvende statistiske maskinlæringsmetodar for å definere ein prognostisk, ikkje-invasiv test.

Oppgåver: Stipendiaten vert med i Nyreforskingsgruppa med professor Hans-Peter Marti som prosjektleiar (PI), og med professor Camilla Tøndel og ph.d. Øystein Eikrem som co-PI, og vil jobbe hovudsakeleg med enkeltcelle mRNA-sekvensering og proteomikk frå nyrebiopsiar og validering av nøkkelresultat i blodprøver.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i medisin, biokjemi, molekylærbiologi, farmakologi/farmasi eller biologi
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt og studentundervisning vil telje positivt
  • Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
  • Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
  • God skriftleg og munnleg engelsk, sjå dokumentasjonskrav

For stillinga gjeldt følgande:

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. 

Sjå her for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med skandinavisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Noreg er unntatt kravet om HK-dir -vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB

Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar her.

Forskarutdanning (ph.d.-programmet):

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 540 500 (kode 1017, lønssteg 55) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 557 100 (kode 1017, lønssteg 57). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 575 400 (kode 107, lønssteg 59) 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
  • Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • Eventuelle publikasjonar (i PDF-format)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS