Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat (4 år) ved Institutt for biomedisin
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Biomedisin, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet. Stillinga er knytt til prosjektet ”Actin acetylation in cancer metastasis”, finansiert av Norges Forskningsråd og Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
En viktig del av prosjektet er å karakterisere dei molekylære funksjonane til humane N-terminale acetyltransferaser (NATer). NATer kobler acetyl-grupper til majoriteten av proteinene i en menneskecelle, noe som gjør N-terminal acetylering til ein av dei vanlegaste proteinmodifiseringane. Sjå TiBS, doi: https://doi.org/10.1016/j.tibs.2016.07.005
Forskningsgruppa vår ved UiB (https://www.uib.no/rg/nat) har identifisert og karakterisert heile det kjende NAT-maskineriet i menneskecelle. Funksjonen til NATane er ikkje heilt kartlagd. Ved å definere desse enzyma og substrata deira kan vi få auka kjennskap til grunnleggjande cellulære prosessar med stor betydning for sjukdom. Sjå Mol Cell, doi: https://doi.org/10.1016/j.molcel.2019.02.007
Hovudoppgåva til PhD stipendiaten vil vere planlegging, utførelse og analyse av forskningsforsøk på NAT-mediert N-terminal acetylering innan rammane til dette UiB/NFR prosjektet. Både standard og avanserte metodar innan molekylærbiologi er naudsynte for å utføre prosjektet. Det vil bli samarbeid med andre i forskningsgruppen for å nå prosjektmåla.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i biomedisin eller molekylærbiologi
Erfaring frå arbeid med humane cellelinjer, gjær-ekspresjonssystem og grunnleggjande molekylærbiologi er naudsynt
Direkte erfaring med in vitro assays for måling av enzymaktivitet og proteinmodifiseringar er krevd
Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt
Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner,
Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
God skriftleg og munnleg engelsk, sjå dokumentasjonskrav
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå her for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med skandinavisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB
Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstilling:
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Løn for tida kr 540 500 (kode 1017, lønssteg 55) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 557 100 (kode 1017, lønssteg 57). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 575 400 (kode 107, lønssteg 59)
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
Søkarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.