LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat 4 år ved Forskningsgruppe for farmasi, Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 12.03.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Det medisinske fakultet, Senter for farmasi/Institutt for global helse og samfunnsmedisin er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % karrierefremmande arbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Karrierefremmande arbeid kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet. 

Stillinga er knytt til prosjektet: "The community pharmacist in the interprofessional team", finansiert av Universitetet i Bergen. Stipendiaten vil og være knytt til prosjektet: IPECP-Future, finansiert av Norges Forskningsråd

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Stipendiaten vil arbeide med kvalitative og kvantitative data relatert til tverrprofesjonell samarbeidslæring og samarbeid mellom farmasøytar og legar, med særleg søkelys på primærhelsetenesta. 
  • Stipendiaten vil vere knytt til både forskingsgruppe for samfunnsfarmasi, til TVEPS (Senter for tverrprofesjonell samarbeidslæring i praksis) og til fagområdet FEST.
  • Det forventast at stipendiaten bidrar inn i eit sosialt og tverrfagleg miljø. 
  • Arbeidsplass vil vere Alrek Helseklynge, Årstadveien 17. Om ønskjeleg, kan det vere aktuelt med et forskingsopphald i utlandet som del av stipendiatperioden.
  • Stillinga har karrierefremmande arbeid tilknytt undervisningsgruppa i samfunnsfarmasi.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarande i farmasi.
  • Søkjar må ha gode munnleg og skriftlege norskkunnskapar då datainnsamlinga i hovudsak vil gå føre seg på norsk.
  • Erfaring frå arbeid i apotek, eller andre farmasøytiske arbeidsplassar, vil telje positivt.
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt.
  • Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt.
  • God skriftleg og munnleg engelsk, sjå dokumentasjonskrav.

Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB.

Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar

For stillinga gjeldt følgande:

Forskarutdanning (ph.d.-programmet):

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Løn som stipendiat (kode 1017) - for tida kr 540 500. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 557 100. For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 575 400.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga.
  • Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar.
  • Søkjarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din.
  • Dokumentasjon på engelsk-kunnskapar.
  • Dokumentasjon norskkunnskapar (kursbevis B2-nivå)
  • Ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til.
  • Eventuelle publikasjonar (pdf).
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon).

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS