Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2 er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.
Startdato: 1. september 2021, eller etter nærare avtale.
Stillinga er knytt til ein arbeidspakke i forskingsprosjektet (RESPNOR) "Pasientnær molekylærdiagnostikk og metagenomikk ved akutte luftvegsinfeksjonar, konsekvensar for antibiotikarettleiing og -forbruk. Arbeidspakken som er aktuell for doktorgradsprosjektet omhandlar: molekylærbiologisk diagnostikk og optimalisert behandling ved sjukehuserverva- og respiratorassosiert lungeinfeksjon. Prosjektet har fått godkjenning frå REK (Regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk).
Forskingsprosjektet vert leia av professor dr. med. Harleen Grewal, K2, Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus. Prosjektleiar for RESPNOR (finansiert av Trond Mohn Stiftelse) er professor dr.med. Elling Ulvestad, avdelingssjef Mikrobiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus.
Vi søkjer etter ein lege utdanna i eit nordisk land. Kjennskap til det norske (ev. svenske/danske) helsesystemet er naudsynt. Som doktorgradsstipendiat inngår du i eit tverrfagleg nasjonalt og internasjonalt forskarteam knytt til BIDS (Bergen Integrated Diagnostic Stewardship Cluster) gruppa ved Klinisk institutt 2 (K2), Det medisinske fakultet, UiB, saman med legar, statistikarar, og molekylærbiologar
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
rekruttering av pasientar
utføre analysar av forskingsdata
skrive artiklar og publisere resultata i internasjonale vitskaplege tidsskrift med fagfellevurdering
ta del i kvalitetssikring, vedlikehald, analyse og lagring av data
formidle resultat både fagleg og populærvitskapleg bidra til fagleg utvikling i BIDS gruppa og på Instituttet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha cand.med. grad fullført i Noreg, Sverige eller Danmark
god munnleg og skriftleg engelsk
det er ønskjeleg med kjennskap til det norske helsevesenet
erfaring frå klinisk arbeid er ein føremon
erfaring med datahandsaming og statistikk, samt relevante statistikk-program er ein føremon
relevant forskingserfaring er ein føremon
For stillinga gjeldt følgande:
Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar.
Forskarutdanning: Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstilling: Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Vi tilbyr:
spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønnsramme 20.10) for tida kr. 491 200 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56 for tida kr 507 600, for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59 for tida kr 534 400
ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
søkarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.