LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat (4 år) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 11.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

Stillinga er knytt til prosjektet:

Fleire praksisplassar og betre rettleiing for medisinstudentar på fastlegekontora (FRONESIS), som er finansiert av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku). Stillinga er finansiert av Det medisinske fakultet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Føremålet med prosjektet er å bidra til at medisinutdanningane i Norge har eit tilstrekkeleg tal praksisplassar i primærhelsetenesta, med god kvalitet og kompetente praksisrettleiarar. Både volum og kvalitet på praksisplassar er under press, både gjennom «fastlegekrisa» og mangel på nasjonale avtalar og lovverk som sikrar at utdanningane har et stort nok tal praksisplassar i kommunane. Prosjektet skal kartlegge, utvikle og prøve ut nye modellar for praksis, med mål om fleire, lengre og betre praksisperiodar, samt utvikle og pilotere ein ny og fleksibel vidareutdanning med sikte på å oppnå nasjonale krav for rettleiarkompetanse.

For det aktuelle prosjektet er det inngått partnarskap med Kunnskapskommunen Helse Omsorg Vest. Det er i rundt 90 fastlegekontor i ni kommunar dei ulike modellane for praksis skal prøvast ut, mens kartleggingsdelen av prosjektet dels vil vere regionalt (Helse Vest) og dels nasjonalt. I siste del av prosjektet skal det utviklast og prøvast ut ei nasjonal praksisrettleiarutdanning på masternivå retta mot fastlegar.

Stipendiaten skal

  • undersøke effektane av tiltaka som vert prøvd ut, med særleg fokus på korleis praksis for medisinstudentar på fastlegekontor bør organiserast og finansierast
  • gjennomføre spørjeskjemaundersøkingar og intervju for å kartlegge rammer for nasjonal kapasitet og kompetanse for praksisplassar
  • gjennomføre intervensjonsdelen av prosjektet
  • analysere og rapportere kvantitative og kvalitative data og resultat under rettleiing og skrive og publisere vitskaplege publikasjonar
  • gjennomføre doktorgradsutdanning av Det medisinske fakultet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha medisinsk embetseksamen og norsk autorisasjon som lege
  • det vil bli lagt vekt på klinisk erfaring frå allmennpraksis og kjennskap til fastlegeordninga
  • det vil bli lagt vekt på erfaring frå og interesse for medisinsk utdanning, utdanningsprosjekt, pedagogisk arbeid og eventuell formell universitetspedagogisk kompetanse
  • i tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på personlege eigenskapar for stillinga, kommunikasjons- og presentasjonsevner, fagleg styrke, eventuell forskingskompetanse og erfaring frå liknande prosjekt, gode samarbeidsevner samt evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
  • god skriftleg og munnleg norsk og engelsk

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga (gjeld universitetsstipendiatstillingar):

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Om forskarutdanninga:

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønnsramme 20.10) for tida kr. 482 200 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56 for tida kr 498 800, for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59 for tida kr 526 000
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
  • dokumentasjon på engelsk-kunnskapar http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • eventuelle publikasjonar (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Professor Steinar Hunskår, steinar.hunskar@uib.no, tlf 9583 5353

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS