Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Stipendiat (4 år) - Det medisinske fakultet

Søknadsfrist: 20.09.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, Senter for alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS), er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

Stillinga er knytt til prosjektet ”ActiveAgeing”, og er finansiert av Neuro-SysMed. Hovudfokus for prosjektet er å leggja til rette for ein aktiv alderdom for både friske eldre og personar med nevrologisk sjukdom. Dette inneber blant anna å implementere og teste ny teknologi som gjer det mogleg å overvake og analysere symptom på sjukdom (t.d. motoriske, kognitive eller psykiatriske symptom) og behandlingsrespons. Stipendiaten skal i samarbeid med Neuro-SysMed (UiB/HUS) arbeide for å betre klassifisering av subtypar av Parkinsons sjukdom, og dermed fasilitere individuelt retta behandling og ActiveAgeing.

Meir informasjon om ActiveAgeing finst her: www.uib.no/sefas/activeageing

Det vil til saman verte lyst ut tre stillingar knytt til ActiveAgeing-prosjektet; to stipendiatar finansiert av UiB og ein postdoktor finansiert av GC Rieber Fondene. Alle vert tilsett ved SEFAS og deltek i eit aktivt forskingsnettverk med erfaring og ekspertise på komplekse helseintervensjonar hjå heimebuande eldre og personar med demens. Det er forventa at prosjektet fører til resultat av høg klinisk verdi som kvalifiserer for å verte publisert i internasjonalt anerkjende og fagfellevurderte vitskaplege tidsskrift. SEFAS legg til rette for vitskapleg karriereutvikling med langsiktig perspektiv.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Som hovudoppgåve skal stipendiaten ha ansvar for eit underprosjekt av ActiveAgeing der heimebuande personar med Parkinsons sjukdom skal kartleggast over tid ved hjelp av sensorregistrering (t.d. smartring, smartklokke eller sengealarm). Dette inneber å bidra både i planleggingsfasen og i gjennomføringa av prosjektet. I prosjektperioden er det forventa at stipendiaten er med på å utarbeide prosjektprotokoll, søke om relevante godkjenningar, velje og utvikle tekniske løysingar, kontakte og informere potensielle deltakarar, innhente informert samtykke, installere og implementere intervensjonen, og følgje opp datainnsamling. Stipendiaten skal også behandle og analysere datasettet ved bruk av avanserte metodar, i samarbeid med kompetansegrupper ved Neuro-SysMed, Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet og med støtte frå kunstig intelligens (AI-gruppa[AE1] ).

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha fullført mastergrad i medisin, farmasi, psykologi eller annan relevant helsefagleg mastergrad
  • tilleggskompetanse i fag relatert til maskinlæring og statistikk, og/eller praktisk erfaring med innovative prosjekt, dataprosessering og analyse er ein føremon og vert vektlagt
  • i tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, eventuell forskingskompetanse og erfaring frå liknande prosjekt, gode samarbeidsevner samt evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
  • særs god skriftleg og munnleg norsk er ein føresetnad
  • god skriftleg og munnleg engelsk er eit krav
  • personlege eigenskapar som vil bli vektlagt er gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta, organisatoriske evner, arbeidskapasitet og entusiasme for forsking.

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar:

http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet

For stillinga gjeldt følgande:

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på

3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje

tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønnsramme 20.10) for tida kr. 479 600 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56, for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
  • dokumentasjon på engelsk-kunnskapar http://www.uib.no/med/115525/krav-til-engelskkunnskaper-ved-opptak-til-phd-programmet
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • eventuelle publikasjonar (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS