Stipendiat 3 år ved Senter for farmasi (Klinisk institutt 2)
Søknadsfrist: 04.07.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Det medisinske fakultet, Senter for farmasi/Klinisk institutt 2, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ”Farmasifaglige vurderinger i apotek ”, finansiert av Stiftelsen til fremme av Norsk Apotekfarmasi.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Prosjektets overordna målsetjing er å kartlegge primærapotekas funksjon og rolle i helsetenesta, sett frå aktørar i primærhelsetenesta sitt perspektiv. Ved å undersøkje korleis farmasifaglege vurderingar eller bruken av farmasøytisk skjønn påverkar dei andre delane av primærhelsetenesta, ynskjer ein å identifisere barrierar og drivarar for rasjonell ressursutnytting av helsepersonell si kompetanse i apotek
Stipendiaten vil arbeide med kvalitative og kvantitative forskingsmetodar relatert til prosjektet, som til dømes fokusgruppeintervju, spørjeundersøking og dokumentanalyse. Prosjektet er eit samarbeid med Nasjonalt Kompetansesenter for Legevaktsmedisin, og personell tilsett på legevakt, fastlegar og brukarar av helsetenesta er potensielle deltakarar i prosjektet. Kandidaten vil få moglegheit til å gje innspel på metodar og utvikling av prosjektet
Stipendiaten vil vere knytt til både forskingsgruppe for farmakologi og fagområdet klinisk farmasi
Det forventast at stipendiaten bidrar inn i eit tverrfagleg miljø, og formidling av forskingsresultat vert høgt prioritert
Arbeidsplass vil vere Klinisk institutt 2, Laboratoriebygget, Jonas Lies vei 91B, 5021 Bergen.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha fullført mastergrad eller tilsvarende innen feltet farmasi
Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, då datainnsamlinga i hovudsak vil gå føre seg på norsk. Søkjar som ikkje har norsk som morsmål må dokumentere ferdigheitar i norsk språk på minst B2-nivå
Erfaring frå arbeid i norsk apotek, eller andre farmasøytiske arbeidsplassar, vil telje positivt
Erfaring frå relevante forskingsprosjekt vil telje positivt
Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
God skriftleg og munnleg engelsk, sjå dokumentasjonskrav
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå her for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med nordisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB
Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstilling:
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Løn for tida kr. 570 000 (kode 1017) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr. 585 000. For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr. 605 000.
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
Søkjarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.