Stipendiat (3 år) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Søknadsfrist: 29.02.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig ei åremålsstilling som stipendiat (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet ”Social insights into «point-of-care»-testing and pandemic preparedness”, finansiert av HORIZON-HLTH-2023-TOOL-05-midlar. Prosjektet er ein del av det store prosjektet «Development of a global diagnostic ecosystem for detecting and monitoring emergency-prone pathogens across species and in a unified way”. Arbeidspakken som stipendiaten vil jobbe i har som mål å undersøkje dei norske prioriteringane for lekfolk og helsearbeidarar rundt format, tilgang, aksept og forståing av «point-of-care» (POC)-testing og finna ut kva for ein plass slik testing kan ha i pandemiberedskap. Arbeidet vil inkludere kvalitative og kvantitative metodar. Arbeidsplassen er Bergen (Pandemisenteret, Alrek helseklynge) og feltarbeidet vil vere på norsk.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
I samarbeid med prosjektgruppa vil hovudarbeidsoppgåvene vere å:
Vere med på å utvikle, digitalisere og gjennomføre ei spørjeundersøking blant helsearbeidarar i Noreg
Rekruttere 20 deltakarar for personleg intervju blant grupper som er vanskelege å nå gjennom spørjeundersøking (til dømes innvandrarar eller personar med lav digital kompetanse) og transkribere samtalene
Utføra statistiske analysar av spørjeundersøking og analyse av kvalitative data
Skrive minst tre akademiske artiklar
•Formidle resultata til avgjerdstakarar og andre interessentar
Samarbeide med internasjonale partnarar i EU-prosjektet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha fullført lege- eller psykologutdanning, eller ha mastergrad eller tilsvarande innanfor pandemiar, kriser, kommunikasjon, laboratorieverksemd, innvandrarhelse eller folkehelse
Søkjar skal kunna arbeida sjølvstendig på ein strukturert måte, og ha evne til å samarbeide med andre
Søkjar må ha veldig gode ferdigheiter i norsk og engelsk både skriftleg og munnleg – sjå dokumentasjonskrav
Andre språk og/eller tidlegare bruk av tolk vil verta sett på som positivt
Erfaring frå relevante prosjekt, spesielt forskingsprosjekt om pandemiar og andre helsekriser vil verte prioritert
Evne og motivasjon til å gjennomføre eit doktorgradsprosjekt
Søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå her for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK-dir kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din. Merk at den automatiske godkjenningsordninga til HK-dir ikkje er tilstrekkeleg. Søkjarar med skandinavisk utdanning, eller medisinutdanning frå EØS-området som har fått lisens til å arbeide som lege i Norge er unntatt kravet om HK-dir vurdering, sjå Opptakskrav | Det medisinske fakultet | UiB
Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.
Stipendiatstilling:
Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn for tida kr 540 500 (kode 1017, lønssteg 55) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 557 100 (kode 1017, lønssteg 57). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 575 400 (kode 107, lønssteg 59)
Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
Karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
Søkjarar med utanlandsk utdanning (både bachelor og/eller master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved HK-dir si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har mottatt søknaden din
Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.